Hopp til innhold

Pilene peikar nedover for landbruket - landbruksdirektøren er optimist

Pilene peikar nedover for landbruket i fylket. Både jordbruksarealet, produksjonen og talet på bruk går kraftig ned. Dette er heilt klart dramatisk meiner landbruksdirektøren, som likevel trur pila vil snu seg noko i tida som kjem.

Bjørn Harald Haugsvær er optimistisk på vegne av landbruket

TRUR PILA SNUR: Assisterande landbruksdirektør, Bjørn Harald Haugsvær, trur ikkje nedgangen i talet gardsbruk vil vere like stor i åra som kjem.

Foto: Montasje (NRK/Scanpix)

Mange bønder har lagt kjeledressen på hylla og send dyra sine til slakt dei siste åra.

Tala er ganske klare og viser at det blir mindre areal som blir nytta til jordbruk, det blir produsert mindre av både kjøt og mjølk og det blir lengre mellom kvart bruk som er i drift.

Men sjølv kor dystert det høyrest ut meiner assisterande landbruksdirektør, Bjørn Harald Haugsvær, at framtida ser lysare ut.

– Eg trur mange framleis vil ha landbruket som leveveg i Sogn og Fjordane, seier Haugsvær som trur moderniseringa av landbruket vil få fleire til å satse.

Fleire går til andre jobbar

Gardbrukar Olav Kåre Kusslid (61) frå Kusslia like utanfor Førde er slett ikkje like positiv. I fjøsen sin trivst han godt saman med dei vel 200 sauene sine.

Men han er oppteken av eit sterkt norsk landbruk, og som tillitsvald og talsperson for produsentane i Nortura, er han på ingen måte fornøgd med situasjonen. Han seier bondeyrket i større og større grad blir utkonkurrert av andre yrke.

– Det største problemet, som vi merkar meir og meir, er tilgangen på arbeid med høge løningar utanfor landbruket. Det er løningar som jordbruket ikkje har sjanse til å konkurrere med, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olav Kåre Kusslid

DYSTERT: Sauebonde Olav Kåre Kusslid i Førde meiner situasjonen for bøndene er dyster.

Foto: Bård Siem / NRK

Bonden har blitt meir effektiv

I tillegg til at talet på bruk har gått ned med 30 prosent dei siste ti åra, har jordbruksarealet i fylket blitt redusert med ni prosent.

Mjølkeproduksjonen har gått ned med åtte prosent, saueproduksjonen er redusert med 15 prosent og storfeproduksjonen er 12 prosent lågare enn for 10 år sidan. I tillegg er talet på sysselsette i landbruket er redusert med 15 prosent.

Assisterande landbruksdirektør, Bjørn Harald Haugsvær, vedgår at det er dramatisk at det har blitt langt færre gardsbruk dei siste ti åra. Samtidig gler han seg over at tala viser at bøndene i fylket har blitt meir effektive.

– Det som er gledeleg å sjå er at produksjonen av mjølk, kjøt, frukt og bær har ein mykje mindre nedgang enn det nedgangen i talet gardsbruk og sysselsetjinga tilseier.

– Det vil seie at bonden i Sogn og Fjordane har blitt meir effektiv og at han produserer meir i forhold til arbeidsinnsatsen han legg ned, seier Haugsvær.

Særleg synleg i bygdene

Han meiner utviklinga ikkje er like nedslåande som når ein ser på talet bruk åleine. Likevel er det ikkje til å stikke under stol at nedgangen i talet på bruk gjer seg synleg, spesielt i dei små bygdene.

– I enkeltbygder er dei avhengige av ein eller to gardsbruk for at det skal vere drift, for at jorda skal bli slått og at kulturlandskapet skal bli halde i hevd.

– Det er vesentleg at nokon held fram med landbruk om ein skal hindre at det syner att i landskapet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Harald Haugsvær

MODERNISERING: Bjørn Harald Haugsvær trur moderniseringa vil gjere til at mange vil satse på landbruket.

Foto: Bård Siem / NRK

Trur nedgangen vil bli mindre

På same tid som talet på gardsbruk har vorte redusert frå om lag 4800 til 3100 dei siste ti åra, har den gjennomsnittlege bruksstorleiken auka frå 102 til 138 dekar.

Bruka har vorte meir robuste og effektive, seier Haugsvær. Han føler seg sikker på at bruksnedlegginga i fylket ikkje vil bli like omfattande dei komande ti åra.

– No er vi kome ned mot 3000 gardsbruk i fylket vårt, og vi kan ikkje ha den same farten på utviklinga vidare, seier landbruksdirektøren.

– Vi hadde rundt 5000 bruk då nedgangen byrja, og eg trur vi får ein litt mindre nedgang no. Men vi vil nok framleis sjå at talet gardsbruk går ned.

– Det ser dystert ut

Ferske tal frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) viser at den gjennomsnittlege årsinntekta i landbruket, det bonden får som vederlag for arbeid og eigenkapital per årsverk, var på 222.600 kroner fjor. Det er dramatisk lågare enn samanliknbare grupper.

Og medan dei andre yrkesgruppene fekk sitt vanlege lønshopp i fjor, vart bøndene si årsinntekt redusert med 4.800 kroner. Kusslid er oppgitt over utviklinga.

– Eg synest det ser dystert ut. Mykje dårlegare enn dette kan det ikkje vere, seier han.

Trur moderniseringa gir optimisme

Medan Kusslid ser mange mørke skyar på himmelen når det gjeld framtida for landbruket i fylket, er Haugsvær langt meir positiv.

– Vi ser at dei nye investeringane i moderne fjøs, knytt til mjølk og saueproduksjon, og det som skjer innan frukt og bær, gir ein heilt anna arbeidskvardag for bøndene enn generasjonane tidlegare har hatt.

– Difor trur eg at mange kjem til å satse på landbruk.