NRK Meny
Normal

Nordmenn villige til å betale meir for å berge landbruket

Over halvparten av oss er villige til å betale meir for maten, dersom dette er naudsynt for å halde oppe norsk landbruk, viser ei fersk undersøking.

Kyr på beite

Nordmenn viser auka vilje til å betale meir for maten om det kan vere med på å berge norsk landbruk.

Foto: Colourbox

Undersøkinga er gjort av Sentio for avisa Nationen . Gruppa som kan tenkje seg å betale meir for maten har auka med sju prosentpoeng frå ei tilsvarande undersøking i fjor. I fjor var talet 48 prosent, medan talet for i år er 55 prosent.

Ann Merete Furuberg, leder i Norsk Bonde- og småbrukarlag

Ann Merete Furuberg er leiar i Norsk Bonde- og småbrukarlag.

Foto: Norsk bonde- og småbrukarlag

I 2008, då verda var ramma av matvarekrise og opprør i fleire fattige land, sa 53 prosent at dei var villige til å betale meir for maten for å halde oppe norsk landbruk.

– Auka støtte til bøndene

Gruppa som ikkje vil betale meir for maten har gått tilbake med åtte prosentpoeng, frå 28 til 20 prosent.

Leiarane i bondeorganisasjonane trur meir debatt om landbruket og matprisane det siste året har fått fleire til å slå ring om og uttrykkje auka støtte til bønder.

– Eg er heilt sikker på at tolldebatten har verka positivt. Det har eg sjølv opplevd i møte med forbrukarar, seier leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og småbrukarlag til Nationen .

Leder i Norsk bondelag, Nils T. Bjørke

Nils. T. Bjørke er leiar i Norsk Bondelag.

Foto: NRK

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag trur også at tolldebatten har gitt auka vilje til å betale meir.

– Betre enn frykta

– Ein kunne kanskje frykte at tolldebatten kunne slått ut andre vegen, men eg trur folk klarar sjå gjennom støyen frå hovudstadspressa og tenkjer sjølve. Kritikken i media er ikkje representativ for kva folk meiner, og kanskje har vi gått fram bodskapen vår betre enn ein kunne frykte, seier han til avisa.

Forskar Runar Døving ved Statens institutt for forbruksforsking seier at hoppet i betalingsviljen er ei stor og overraskande endring. Han trur ei forklaring kan vere at det har byrja gå opp for folk at maten her landet faktisk er billeg, med tanke på at vi brukar så lite som 11 prosent av inntekta på mat.

Professor Runar Døving ved Markedshøyskolen

Professor Runar Døving kallar resultatet av undersøkinga overraskande.

Foto: Markedshøyskolen

Han er likevel redd for at det er stor skilnad på kva folk svarar i undersøkingar og kva dei i praksis gjer i butikken. I slike undersøkingar kan det vere lett å svare ut frå eit samfunnssyn, medan når ein er ute og handlar er det om å gjere å skaffe seg ei vare billegast mogleg.

Usikker global matforsyning

Direktør Egil Petter Stræte ved stiftinga Bygdeforsking seier til Nationen at ei usikker global matforsyning kombinert med betre privatøkonomi, kan ha gjort at fleire seier dei kan vere villige til å betale meir for maten for å berge norsk landbruk.

Professor Bent Sofus Tranøy ved Høgskolen i Hedmark og Markedshøyskolen seier han trur bonderomantikk på fjernsyn har hatt større effekt for betalingsviljen enn debatten om tollendringane.

Egil Petter Stræte

Egil Petter Stræte er direktor i Norsk senter for bygdeforsking.

Foto: Morten Karlsen / NRK

– Der blir bønder framstilte som skikkelege folk som gjer ein viktig jobb, seier Tranøy. Han er likevel ikkje sikker på at auka matprisar vil kome bonden til gode.

Mest på landsbygda

Undersøkinga viser at det berre er mindre geografiske skil når det held kva folk meiner om matprisar og viljen til å betale meir for å berge norsk landbruk., sjølv om betalingsviljen er litt større på landsbygda enn i byane.

Det er i byar over 50.000 innbyggjarar viljen til å betale meir for å støtte norske bønder er minst. I Oslo er betalingsviljen litt større.

Viljen til å betale meir er størst i Senterpartiet og minst i Høgre og Framstegspartiet.

LES OGSÅ: – Matvareprisene vil forbli høye

LES OGSÅ: Raser mot ny grensehandelsrekord

LES OGSÅ: – Regjeringa svikter forbrukerne

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger