Utdanningsdirektør Alf Walgermo kan ikkje sjå at Nesset kommune har gjort noko ulovleg ved å flytte elevane til Eresfjord, skriv Romsdals Budstikke.
Walgermo avviser dermed klagene frå foreldra om at flyttinga gir elevane for lang skuleveg og at dei ikkje fekk god nok tid til å uttale seg i saka.
Langvarig strid
Skulestriden i Vistdal i Nesset har pågått lenge. I juni i år blei det endelege vedtaket fatta om å flytte ungdomsskuleelevane til skulen i Eresfjord. Foreldra protesterte og klaga på saksgangen og på at elevane no fekk uforsvarleg lang skuleveg. I skuleveg-spørsmålet fekk dei støtte frå barneombodet og frå landslaget for nærmiljøskulen. Men no har utdanningsdirektøren talt. Vedtaket er lovleg og det har ikkje skjedd feil i saksgangen. Skulevegen er ikkje for lang og foreldra har fått tid til å kome med sine protestar undervegs. Utdanningsdirektør Alf Walgermo seier til Romsdals Budstikke at dei no har sett to strek under svaret, striden er over.
Men Marianne Sandnes og dei andre foreldra vil kjempe vidare likevel. Ho fortel til NRK at sivilombudsmannen kan bli neste stopp.