Hopp til innhold

Slik unngår du å bli ein frekk sommargjest

Skal du besøke slekt og vener i sommar, bør du ikkje invitere deg sjølv på overnatting, men vente til du får invitasjon, meiner skikk- og bruksekspert.

Renate Stubberud og Kim Granholt saman med Trygve og Tidemann er turistar i Ålesund

Renate Stubberud og Kim Granholt med barna Trygve og Tidemann er turistar i Ålesund. Dei har ofte besøk på hytta og meiner gjestar bør vere der maks tre dagar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ålesund er full av turistar. Medan nokre bur på hotell og camping, bur andre privat hos vener og slekt. Men det finst uskrivne reglar å fylgje dersom du skal overnatte privat.

Renate Stubberud og Kim Granholt frå Oslo er på gjennomreise i Ålesund og bur på hotell saman med barna. Familien brukar ofte å ha gjestar på hytta, og dei er heilt klare på kva dei forventar av besøket sitt.

– Det verste er når folk ikkje seier kor tid dei kjem og så brukar vi opp dagen på å vente, seier Granholt. Dei meiner det er viktig at feriegjestar tilpassar seg både tempo og aktivitetane til husvertane.

– Vi vil at dei skal fylgje vår struktur i dagen. Det er litt strengt, men eg er litt streng. Og eg vil at dei skal vaske badet og støvsuge før dei drar heim, ler Stubberud.

– Ikkje inviter deg sjølv

Reidar Helliesen

Reidar Helliesen held foredrag om skikk og bruk. Han meiner det finst mange uskrivne reglar feriegjestar bør fylgje.

Foto: Eivind Eriksen / NRK

Reidar Helliesen er ekspert på skikk og bruk. Han har inntrykk av at nordmenn er flittige til å dra på overnattingsbesøk til slekt og vener i sommar. Hans klare anbefaling er å vere forsiktig i måten å gå fram på og aldri invitere deg sjølv på overnatting.

– Ring heller å seie at du skal til området og spør om det passar å kome innom. Så må det med overnatting kome frå vertskapet sjølv, meiner Helliesen.

Når invitasjonen kjem bør du som feriegjest ta med eige sengetøy, soveposar og gjerne gåve til verten. Han meiner det også går eit skilje på om du blir invitert på hytta eller heim til folk. På hytta er det naturleg at ein deler på kostnadene til mat og drikke.

Reis heim i tide

Som feriegjest kan ein heller ikkje bli så lenge ein vil, meiner Helliesen. Den uskrivne regelen er at tre dagar er maksgrensa. Skal ein vere lengre enn det bør gjestane bidra flittig med både matlaging og rydding, slik at det blir minst mogleg belastning for vertskapet.

– For dei aller fleste venner og kjenningar er ei veke for lenge. Det skal ein ikkje tillate seg med mindre vertskapet innstendig ber om det, seier Helliesen.

Og har du ikkje lyst å ha feriegjestar, meiner Helliesen at det er fullt lovleg med ei kvit løgn.

– Det er lov å seie at du har planar den veka, men at du gjerne tar imot besøk ei anna veke, seier eksperten.

Charlotte Schwaiger og Jens Einar Bremnes i trappene i Ålesund

Charlotte Schwaiger og Jens Einar Bremnes synest det er hyggeleg å overnatte heime hos folk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Trampar inn til brørne

Jens Einar Bremnes og Charlotte Schwaiger frå Alta meiner reglane er avhengig av kor godt du kjenner personane du skal overnatte hos. Paret brukar å dra på overnattingsbesøk hos brørne til Jens Einar.

– Vi trampar berre inn, ler Bremnes. Han synest det er hyggeleg at ein kan føle seg heime, og ventar at hans eigne gjestar også tar seg til rette. Og paret er heilt klare på kor lenge dei kan bli verande.

– Grensa går på fire dagar. Etter det bør vi bidra hardare med barnepass og vi må handle inn mat. Då må vi gjere nytte for oss, seier Schwaiger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL