Hopp til innhold

Slik lagar du din eigen brunost

Brunost er kanskje noko av mest norske ein kan finne i butikkhyllene. Men du treng ikkje nødvendigvis handle den i butikken. Her får du tipsa du treng frå budeia for å lage den sjølv.

Brunost laget på Inner Gammelsetra i Grøvudalen.

Brunost laga på Inner Gammelsetra i Grøvudalen i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Brunosten er eit fast innslag på brødskiva i mange norske heimar. Men osten har også blitt populær i andre land. No er den til og med å finne på pizza i Sør-Korea.

Men aller best er den kanskje på eit nysteikt brød oppe på ei seter i fjellheimen?

Drivarane av Inner Gammelsetra i Grøvudalen i Sunndal er ei av få setrar som produserer og sel mjølkeprodukt gjennom sommarsesongen. Brunost lagar dei nesten kvar dag frå mjølka til sommarbeitande kyr.

– Vi driv på gammalmåten. Vi kokar brunost i ei 100 liter jarngryte som vi fyrer med ved. Det er ganske eksotisk og eksklusivt, seier budeie Eli Bæverfjord Rye, som er kurshalder på setra.

30-åringen Eli Bæverfjord Rye er kursholder på Inner Gammelsetra i Grøvudalen.

30-åringen Eli Bæverfjord Rye har brukt to tredjedelar av alle sommarene sine på setra i Grøvudalen. Dei siste 17 åra har ho vore med og heldt seterkurs.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Dit kjem deltakarar frå heile landet for å lære seg å mjølke, separere den og å bruke den til å lage produkt som smør, rømme og brunost.

– Eg synest det er veldig fint å gjere det på gamlemåten. Det er det ikkje mange som gjer, og det er veldig stas å få gjere det på den måten dei gjorde det før, seier Bæverfjord Rye.

No kan du bruke nettopp deira oppskrift til å lage din eigen brunost.

Astrid Løvik koker brunost på Inner Gammelsetra i Grøvudalen.

Seterkursdeltakar Astrid Løvik kokar brunost på Inner Gammelsetra i Grøvudalen.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK
Astrid Løvik og barnebarnet Ingrid skiller mysa frå kvitosten.

Astrid Løvik og barnebarnet Ingrid skiller mysa frå kvitosten.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Gode tips frå budeia

På Inner Gammelsetra kokar dei 80 liter mjølk om gongen. Då tar det om lag 12 timar til dei har eit ferdig produkt. Om ein skal gjere dette heime passar det nok best med ei mindre gryte.

– 20 liter mjølk blir om lag 2 kilo ferdig brunost. Ein kan koke så mange liter ein vil, men ein bør starte med minst 20 liter, seier budeie Eli Bæverfjord Rye.

Då rekk osten å bli brun nok, som gir rett farge, smak og konsistens før den blir så tjukk at den må ut av gryta. Av same grunn bør ein koke på låg varme over lang tid, for at den skal bli brun nok.

Dette er frå slutten av kokinga. Det siste klippet viser ein måte ein kan kjøle ned osten på, i ein gryte sett i kaldt vann.

Vidare seier budeia at ein bør bruke ein kjele eller gryte med tjukk botn for å unngå at blandinga svir seg. Utforminga av gryta bør vere smal i botn og høg, slik at osten ikkje kokar for fort, utan å bli brun.

Ver merksam på at det mot slutten av kokinga kan det sprute litt ut av gryta når blandinga har tjukna.

Bæverfjord Rye foreslår at du kan pakke osten i til dømes rengjorde rømmeboksar eller matboksar. Deretter må den stå lagra kaldt til den stivnar.

Ein siste ting: Hugs å nyte!

Brunost i form på Inner Gammelsetra i Grøvudalen.
Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK