Hopp til innhold

Skansekaia i hardt vêr

Det er store diskusjonar om korleis Skansekaia i Ålesund skal sjå ut. I dag gjekk planutvalet inn for rådmannen si innstilling om utbygging.

Video Skansekaia

Sjå video om planane for Skansekaia i Ålesund.

På Skansekaia i Ålesund er det i dag mellom anna låge bygg frå før bybrannen, og eit lagerbygg som har sett betre dagar. Men no kan det bli endringar.

Mot ei stemme

Planutvalet i Ålesund

Planutvalet i Ålesund seier ja til reguleringsendring for Skansekaia. Kirsti Dalen (V) var den einaste som sa nei. No er det opp til bystyret å ta den endelege avgjerda.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Fleirtalet i planutvalet i Ålesund banka i dag igjennom rådmannen si innstilling til vedtak om reguleringsendring for Skansekaia.

Det er bystyret som får ta den endelege avgjerda i saka.

– No er det altså reguleringssaka og volum som har vore tema, seier ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal til NRK.

Om lag slik kan området bli, om alt går som utbyggarane vil:

Skansekaia

Skansekaia med nye bygg teikna inn.

Foto: Slyngstad Aamli Arkitekter / Skisse

Protesterer

Leif Hovde (KrF)

Leif Hovde (KrF) ville gjerne vite meir om planane før han sa ja til omreguleringa av Skansekaia.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Men skissene er ikkje endelege. Og det er nettopp det mindretalet i planutvalet reagerer på at dei ikkje har fått sett. Dei ville gjerne vite meir om korleis det endelege resultatet blir.

– Det er ganske uvanleg. Spesielt i ei så stor sak som dette, seier gruppeleiar for KrF, Leif Hovde.

– Kvifor trur du det er blitt slik?

– Det er vel slik at dei som har sterkast talsmenn får igjennom si sak, medan dei som berre er nostalgiske og patriotiske med tanke på dette området, ikkje blir høyrt.

Hovde enda likevel med å stemme ja til forslaget.

Overraskande
Odd Slyngstad

Arkitekt Odd Slyngstad seier skissene for Skansekaia ikkje er endelege.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Men arkitekten bak skissene er overraska over alle innvendingane.

– Det som er mest overraskande er at vi har heldt på med ein reguleringsplan, og ei konsekvensutgreiing for ulike byggemåtar. Og så trur folk at det er slik bygga skal sjå ut, seier Odd Slyngstad i Slyngstad Aamlid Arkitekter.

– Men kjem bygningane til å sjå ut slik dei er skissert på teikningane?

Nei, det er jo eit første forslag, og det vil bli bearbeida.

– God dialog

Bjørn Tømmerdal (H)

Ordførar Bjørn Tømmerdal trur alle vil vinne på prosjektet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ålesunds spesielle jugendstil har ført til at også riksantikvaren har protestert på det opphavlege forslaget. Riksantikvaren truga med å sende saka til Miljøverndepartementet.

Men ordføraren seier tonen no er god. Både kommunen og arkitekten er i dialog med Riksantikvaren.

– Dialogen per i dag er veldig bra. Eg trur dette blir ei god løysing der alle partar vinn noko, seier ordførar Bjørn Tømmerdal i Ålesund kommune.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL