Hopp til innhold

Slik kan ein sosial robot endre kvardagen til eldre

Kanskje er det roboten Pepper som vil halde bestemor og bestefar i aktivitet i framtida. No blir det testa ut om ein sosial robot kan skape ein annleis kvardag for eldre.

Anne Røv og Ester Nedrevoll på trim med roboten Pepper

TRIM: Anne Røv (t.v.), Ester Nedrevoll og Jorun Klokk trimmar etter instruks frå den sosiale roboten Pepper.

– No skal vi strekke og bøye. Bøy dykk til venstre og så til høgre. Ein gong til, lyder det. Stemma tilhøyrer roboten Pepper.

Ei gruppe eldre ved Eidet omsorgssenter på Sunnmøre beveger seg fram og tilbake i takt med roboten. Etter trimmen fortel han ein svenskevits og flirer i lag med dei eldre av sine eigne dårlege vitsar.

Veit nokon av dykk kvifor svenskane har eit kålhovud i hanskerommet? – Dei brukar det som legitimasjon.

roboten Pepper

– Dette var artig. Eit positivt innslag, seier Ester Nedrevoll medan latteren sit laust.

Anne Røv og Ester Nedrevoll trimmar med roboten Pepper

STREKK: Anne Røv (t.v.), Ester Nedrevoll og Jorun Klokk strekker handa over hovudet etter instruks frå roboten Pepper.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Først i landet

Omsorgssenteret på Sunnmøre er det første i landet som har byrja å teste sosiale robotar i eldreomsorga. I tett samarbeid med eit forskingsmiljø ved NTNU i Ålesund, vil omsorgssenteret utvikle Pepper slik at han kan dra i gang trim og underhalde bebuarane.

Viviann Maridal

SPENNANDE: Viviann Maridal, avdelingsleiar ved Eidet omsorgssenter, syns det er spennande å ta i bruk teknologi i helsetenestene.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Avdelingsleiar ved Eidet omsorgssenter, Viviann Maridal, meiner det er viktig å rigge seg for framtida. Ho ser for seg at Pepper kan ta seg av underhaldning og trim, slik at personalet kan hjelpe til der det verkeleg trengst.

– Vi må byrje å tenke på å ta i bruk teknologi no, fordi den kan hjelpe oss seinare når dei varme hendene ikkje er her og vi verkeleg må prioritere, seier Maridal.

Teknologi integrert i omsorg

Helse-Noreg har kome fram til at eit breitt arsenal velferdsteknologi kan gjere Noreg rusta for eldrebølga. Helsedirektoratet har råda kommunane å ta i bruk velferdsteknologi i sine helsetenester og det er fleire kommunar allereie i gang med.

Kristin Mehre, avdelingsdirektør Helsedirektoratet

KVALITET: Kristin Mehre, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, meiner velferdsteknologi gir store gevinstar både for pasientar og for samfunnet.

Foto: Rebecca Ravneberg/Helsedirektoratet

Avdelingsdirektør for utvikling og teknologi i Helsedirektoratet, Kristin Mehre, meiner at velferdsteknologi bidreg til betre kvalitet på tenestene, auka effektivitet og mindre kostnader.

Trass i at prosjektet med roboten Pepper framleis er i ei utviklingsfase, er Mehre positiv til at kommunane prøver ut ulik type teknologi.

– Delen av den eldre befolkninga aukar og skal vi kunne gi gode helsetenester i framtida, må vi ta i bruk teknologi. Vi vil ikkje ha nok personell til å møte behovet, seier Mehre.

Roboten Pepper instruerer ei gruppe eldre ved Eidet omsorgssenter

BØY OG TØY: Pepper instruerer dei eldre ved Eidet omsorgssenter i Haram kommune til å strekke og bøye.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Ikkje eit sparetiltak

Inger Johanne Haug

VARM HAND: Inger Johanne Haug syns det er viktig at den nære kontakten med eit menneske ikkje forsvinn som eit resultat av eit auka tilfang av teknologi i eldreomsorga.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Ved Eidet omsorgssenter skal Pepper berre vere ein tilleggsressurs. Trass i at han etter kvart vil ta over nokre arbeidsoppgåver, vil det ikkje gå utover talet på tilsette, ifølgje Maridal.

– Nei, absolutt ikkje. Dette er berre eit prosjekt for å sjå om vi kan bruke teknologi i helsetenesta.

Bebuarane på omsorgssenteret meiner det er viktig at teknologien ikkje erstattar den nære kontakten med eit menneske.

– Blir du skikkeleg sjuk er det viktig å ha ei varm hand å halde i. Ein robot har berre ei kald hand, seier Inger Johanne Haug.