NRK Meny
Normal

Slik blir gullfesten

Når cupheltane kjem til Molde i kveld er det - nærmast tradisjonen tru - duka for fest.

Molde
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

publikum ventar på mfk etter cupsiger 2013

Stor stemning og mange frammøtte ved stadion i Molde i fjor.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I fjor stod Rosenes by på hovudet då spelarane returnerte med kongepokalen i bagasjen. Folk trassa kaldt novemberver for å hylle spelarane som nok ein gong hadde sett Molde på fotballkartet.

Heller ikkje i år overlet Molde Fotballklubb noko til tilfeldigheitene, og følgjer opp fotballfesten på Ullevaal med å invitere heile byen feiring i kveld.

Kjem rett til hyllest

For om nokon skulle vere i tvil - når mfk-spelarane landar på Årø like før klokka 22 er det klart for ein storslagen fest. Frå flyplassen går turen til stadion, der frammøtte moldensarar i alle aldre får høve til å hylle heltane.

Laster Twitter-innhold

Supporterar hyllar MFK etter cupsiger 2013

Stor stemning under feiringa i 2013.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Songar og fyrverkeri

Etter møtet med heimepublikumet ved stadion går turen vidare til mottaking og festmiddag for laget. Ein times tid seinare går ferda vidare til Bjørnsonsalen der det er venta at moldensarar og cupheltar skal feire seg gjennom kvelden og natta. Det blir truleg mange såre struper i Molde i morgon, når talar er haldne og supportersongar er sungne. Og som seg hør og bør - det heile blir avslutta med fyrverkeri.

Laster Twitter-innhold

NRK er til stades på festen og følgjer feiringa utover kvelden.

Laster Twitter-innhold

Se bildene fra Cupfinalen her