Hopp til innhold

Slåsting i Ålesund

I 02.00-tida i natt måtte politiet i Ålesund rykke ut på ein slåstkamp mellom fire personar. Politiet fekk kontroll på dei involverte og ein person blei tatt med inn til arresten. Dei tre andre blei vist vekk frå sentrum. Sak blir oppretta.