– Nei, det er ikkje så ofte vi tek ferje, så eg ser ikkje heilt behovet, seier Djalil Bouhachi.
Han har akkurat har køyrd om bord i ferja mellom Halsa og Kanestraum. Dette er eit av dei store sambanda på E39 mellom Møre og Romsdal og Trøndelag.
– Det blir nesten dobbel pris på deg då?
– Dobbel pris!? Det viste ikkje eg.
Og Bouhachi er ikkje åleine.
For passasjerar, gåande og syklande er det no gratis å ta ferje.
Men om du køyrer om bord, må du ha skiltnummeret knytt til ein avtale for å sleppe 75 kroner i fakturagebyr.
UTAN AVTALE: Djalil Bouhachi og Camilla Vinje køyrde om bord utan betalingsavtale. Då får dei faktura i etterkant og må betale 75,- ekstra i gebyr.
Foto: Eirik Haukenes / NRKMange utan avtale
Skyttel AS har ansvar for billettordninga på dei fleste ferjer i Noreg.
Tal som NRK har fått tilgang til viser at dei drog inn over 21 millionar kroner i fakturagebyr på eit halvt år.
– Vi er overraska over kor mange som må betale gebyr. Det er tydeleg at mange ikkje har fått med seg moglegheita til å spare pengar, seier Vidar Raa, leiar i Skyttel.
For å sleppe gebyr har du tre moglegheiter.
- Autopass med forskot: For å få full rabatt må du ha ein autopassbrikke, og betale inn eit forskot på 3000 kroner. Då får du 50 % rabatt med privatbil og 40 % for bedrifter. Dette gjeld dei fleste ferjer i Noreg, med unntak av Horten – Moss og enkelte ruter i Trøndelag.
- Autopass utan forskot: Om du har ein vanleg Autopass-avtale for bomvegar, slepp du gebyr, og får 10 % rabatt.
- FerryPay kortavtale: Om du ikkje har Autopass, kan du registrere eit betalingskort på bilen din. Det er ein avtale utan rabatt. Ferjereisa bil belasta på kortet, og du slepp fakturagebyr.
Har du ein bil utan Autopassavtale, må du altså registrere eit betalingskort på ferrypay.no for å sleppe gebyr.
BILLETT: Tida då ferjematrosen bar billettveske er forbi. No får dei som ikkje har avtale faktura i posten.
Foto: PER-IVAR KVALSVIK / nrkPå eitt halvår bikka fem ferjesamband éin million kroner i fakturagebyr. Fire av desse sambanda ligg i Møre og Romsdal.
Det er også det einaste fylket i landet utan bompengar. Det gjer nok sitt til at færre har autopassbrikke i bilen her.
For Skyttel har fakturagebyr blitt ei uventa stor inntektskjelde.
Ifølgje Raa er det ikkje berre folk som tar sjeldan ferje som manglar avtale.
– Vi ser at det er mange gjengangarar. Det er overraskande. Folk har kanskje god råd, seier Raa.