Hopp til innhold

Skumsløkking på ferje

Samferdselsavdelinga vil i løpet av sommaren ta i bruk eit skumsløkkeutstyr på eine ferja i sambandet Seivika - Tømmervåg. Årsaka er at det på denne strekninga har vore mange turar med farleg last, noko som gjer at anna trafikk blir ståande igjen. Utstyret kostar tre millionar kroner, men gjer at ferja kan ta med meir trafikk sjølv om den fraktar farleg last.