– Vanskeleg å unngå
Det er fungerande skulesjef Per Bertil Lund som skriv dette i sakspapira til drifts- og forvaltningsstyret i Molde kommune.
No skal drifts- og forvaltningsstyret behandle saka, og leiar Frank Ove Sæther trur det blir vanskeleg å unngå endringar.
Frank Ove Sæther
Stanse utbygginga av Groven?
Strukturelle endringar betyr som oftast nedleggingar. Fungerande skulesjef, Per Bertil Lund, har skrive eit forslag som skal behandlast i drifts- og forvaltingsstyret onsdag. Der blir det peika på at ved å samle 1-10 klasse på Skjevikåsen skule og stanse utbygginga av Groven skule, så er mykje gjort av innsparingane på 4,6 millionar kroner.
Store endringar
På møtet onsdag kan skulesjefen få i oppdrag å utgreie desse alternativa. Sæter trur det no blir strid om skulane si framtid.
Men å utgreie og vedta så store endringar tar tid, og Sæter meiner ein ikkje bør ha hastverk.
Styret behandlar saka onsdag.