Hopp til innhold

Sjekk tala frå høgare utdanning: Søkartala går ned – her vil flest studere

Éin studiestad soleklart på topp. Sjekk lista over dei 15 mest populære studiane her.

Elevane Caroline Gjelsvik og Kaia Haug ved Amalie Skram vidaregåande i Bergen har begge søkt helsefag, Mari Strømme Sekse vil bli lærar, medan Anna Bringeldal skal ha eit friår.

ULIKE VAL: Elevane Caroline Gjelsvik og Kaia Haug ved Amalie Skram vidaregåande i Bergen har begge søkt helsefag, Mari Strømme Sekse vil bli lærar, medan Anna Bringeldal skal ha eit friår.

Dei siste åra har søkartala til høgare utdanning vore rekordhøge, men no har søkartala gått ned.

Samtidig er det fleire nye trendar:

For fyrste gong er et nettstudium på topplista, talet på folk som vil bli lærar går opp, mens interessa for helsefag går kraftig tilbake.

Framleis troner Noregs handelshøgskole (NHH) på listen over det mest populære studivalget. Siviløkonomiutdanninga er det studiet flest søkjarar har som sitt førsteval.

Rett bak ligg rettsvitskap ved universiteta i Oslo og Bergen.

Sjekk lista her:

De mest populære studia i 2022

Studienavn

Lærested

Studiested

Planlagte studieplasser

Søkere førstevalg

Siviløkonomutdanningen

NHH

Bergen

500

2073

Rettsvitenskap (jus), høst

UIO

Oslo

224

1748

Rettsvitenskap

UIB

Bergen

390

1727

Organisasjon og ledelse, Rena, deltid, nettbasert*

HINN

Åmot

200

1382

Toll, vareførsel og grensekontroll

UIS

Stavanger

60

1215

Arkitekt

AHO

Oslo

60

1120

Industriell økonomi og teknologiledelse

NTNU

Trondheim

162

1075

Medisin, høst

UIO

Oslo

120

1041

Ledelse

UIT

Alta

800

970

Politiutdanning, Oslo

PHS

Oslo

96

910

Psykologi, høst

UIO

Oslo

65

865

Økonomi og administrasjon, Trondheim, bachelor

NTNU

Trondheim

205

863

Psykologi, profesjonsstudium

UIB

Bergen

100

829

Økonomi og administrasjon

OSLOMET

Oslo

245

829

Medisin, Trondheim

NTNU

Trondheim

119

828

Ekspander/minimer faktaboks

Færre vil bli sjukepleiar

Også i år er det størst konkurranse om plassane til bachelorgraden i toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Dei siste åra har søkartala på sjukepleie skote i vêret, medan i år at søkartalet sokke med heile 23 prosent.

Men framleis er helsefag det utdanningsområdet med flest søkjarar og flest planlagde studieplassar.

Lokomotivførerutdannelsen er mest populær blant fagskulane.

NHH Norges Handelshøyskole i Bergen

POPULÆRT: Siviløkonomiutdanninga ved Noregs handelshøgskole er det studiet flest søkjarar har som sitt førsteval.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fleire vil bli grunnskulelærar

Etter fleire år med nedgang var søkjartala til lærarutdanninga rekordlåg i fjor.

No viser tal frå årets Samordna opptak at trenden har snudd.

Eirik Vågseth Borlaug (19) er ein av dei som har gått den vegen.

– For meg vart det avgjerande at karakterkravet vart fjerna, seier han.

I alt er det i år 6,5 prosent fleire som vil starte på utdanning for å bli grunnskulelærar.

Ved Høgskulen på Vestlandet, som tilbyr den største lærarutdanninga i Noreg, er auken på 8,8 prosent.

Det skjer året etter at firarkravet på lærarutdanninga vart skrota.

Samtidig er det ein nedgang i søkartala til lektor- og barnehagelærarutdanninga.

Utdanningsforbundet kallar nedgangen dramatisk.

– For å rekruttere og utdanne nok lærarar, trengst lærerutdanninar av høg kvalitet. Då må pengane på bordet, seier leder Elise Håkull Klungetveit i Pedagogstudentene.

Eirik Vågseth Borlaug (19) har lenge vore klar over at det er lærar han vil bli.

VIL BLI LÆRAR: – Eg har lenge hatt lyst til å bli lærar, seier Eirik Vågseth Borlaug (19).

Foto: Oddleif Løset / NRK

«Snillare» opptakskrav

Tidlegare måtte du ha fire i matte, i tillegg til 35 skulepoeng for å vere kvalifisert til å søke på lærarutdanninga. No er kravet tre i matte, og 40 skulepoeng.

– Det gjer at fleire kan fylle opptakskrava samanlikna med før, seier Asle Holthe.

Han er dekan ved Fakultet for lærarutdanning, og legg til at auka fokus på behov for lærarar, spesielt på barnetrinnet, også kan ha medverka til auken.

Andre forklaringar kan vere nasjonale prosjekt for å auke rekrutteringa til lærarutdanninga, samt eit nytt samlingsbasert studietilbod for grunnskulelærarar i barneskulen.

Dekan Asle Holthe

VIKTIG YRKE: – Læraryrket er viktig for å halde oppe eit godt samfunns- og næringsliv over heile landet, seier Asle Holthe.

Foto: Dina Nybø Olavsen / NRK

Hadde ikkje vore kvalifisert

Eirik Vågseth Borlaug hadde tre i matte, og ville ikkje vore kvalifisert til å søke på lærarutdanninga under det førre «regimet».

– Eg måtte tatt master og bygt på, men hadde mest lyst på lærarskulen.

Så eg vart veldig glad då kravet vart fjerna, seier han til NRK.

Fast bestemt på kva han vil bli, har han også søkt lektorutdanninga i Stavanger og Kristiansand.

– Eg er sosial av meg og likar å vere med folk. Då passar læraryrket veldig bra, seier 19-åringen som går tredje året på studiespesialisering ved Sogndal vidaregåande skule.

Julie Leirdal Skjerven frå Luster ynskjer å bli grunnskulelærar.

– Lærarar har vore etterspurt, og du er sikker på å få jobb. Det er alltid behov for lærarar, seier 18-åringen.

Julie Leirdal Skjerven

SPENNANDE: – Eg likar å vere med born, og tenkjer at det er kjekt å jobbe med dei også. Sjølv om du har ein fast jobb, så er ingen dagar like og du treffer mange folk, seier Julie Leirdal Skjerven.

Foto: Dina Nybø Olavsen / NRK

Har aldri vore fleire studieplassar

134.954 personar har søkt om ein studieplass til hausten. Det er rundt 19.000 færre søkjarar til høgare utdanning i år enn i fjor.

Samstundes vert det tilbode 74.741 studieplassar fordelt på 1.760 ulike studiar ved landets fagskolar, høgskolar og universitet. Aldri har det vore fleire.

Det er mange spennande utdanningar å velje for dei som nå skal begynne å studere, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Kullet som gjekk ut av vidaregåande i 2020 hadde rekordhøgt karaktersnitt, og ved mange studiar vart det mykje vanskelegare å komme inn. Det same skjedde i 2021.