Hopp til innhold

Skuffa over mangel på pengar til nytt fengsel

Det er ikkje løyvd pengar til nytt fengsel på Sunnmøre i statsbudsjettet. – Det er skuffande. Situasjonen er prekær, seier prosjektleiaren for det nye fengselet, Dag Olav Tennfjord (H).

Ålesund fengsel

Ålesund fengsel er 152 år gamalt. I mange år har det blitt jobba for å få eit nytt fengsel på Sunnmøre.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det er politisk fleirtal for å bygge eit nytt fengsel på Sunnmøre. Fengselet i Ålesund er over 150 år gamalt og held ikkje dagens standard. Det nye fengselet er planlagt på Digernes i Skodje med 90–100 soningsplassar. Reguleringsplanen skal etter planen vere ferdig til jul.

Stortingspolitikar, Else-May Botten (Ap), forstår ikkje kvifor det ikkje vert løyvd dei 10 millionar kronene som trengst til prosjektering i 2017.

Else-May Botten

Else-May Botten (Ap) seier at fengselet no må vente eit år i kø før dei får pengar til prosjektering.

Foto: Bjørn Ivar Voll

– Det som skjer no er fengselet blir ståande eitt år i kø og så må vi kjempe ei runde til for å kome oss fremst i prioriteringskøen, seier Botten.

Agder får pengar

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram torsdag, får Agder pengar til fengsel. Det er sett av 50 millionar kroner til detaljplanlegging av fengsel i Mandal og Froland.

– Ålesund har lege lenger framme enn Agder når det gjeld regulering. Då meiner vi at det er viktig at også Ålesund skulle ha vore på budsjettet for 2017. Det er ikkje noko å vente med når alt er klart, slik at ein får ta neste steg, meiner Botten.

Prekær situasjon

Dag Olav Tennfjord

Dag Olav Tennfjord seier at behovet for nye soningsplassar er prekær.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dag Olav Tennfjord (H) er leiar for prosjektgruppa for det nye fengselet. Han er skuffa over at det planlagde fengselet på Sunnmøre ikkje vert nemnt i statsbudsjettet. Han hadde håp om at dei skulle få pengar til prosjektering.

– No er det viktig å få fram situasjonen vi har på Sunnmøre, som etter mi oppfatning er prekær, seier Tennfjord.

Han viser til at med eit folketal på 160.000 innbyggjarane, skulle det ha vore 140–150 fengselsplassar. Ålesund fengsel har berre 27 soningsplassar og ingen for kvinner. Dei har også dårleg kapasitet for varetektsfengsling. Tennfjord meiner politiet dermed må bruke mykje av tida si på fangetransport.

– Vi meiner vi har eit godt prosjekt, seier Tennfjord, som fryktar at det tar lenger tid før eit nytt fengsel er på plass.

Må ha meir utgreiing

– Det ville ha vore ein dårleg ide å starte med prosjektering før det er gjennomført ei konseptvalutgreiing, seier statssekretær Ove Andre Vanemo. Han seier at det mest truleg hadde vore bortkasta pengar dersom ein starta prosjektering før utgreiinga var på plass.

Det skal settast i gang ei utgreiing for Vestlandet i 2017, der ein tar ein grundig gjennomgang av dagens tilstand og behov i kriminalomsorgen.

Parlamentartisk leiar i Frp, Harald Nesvik, seier at regjeringa har gjort mykje meir i saka for å få på plass nytt fengsel på Sunnmøre, enn då dei raud-grøne hadde makta.

– Dei bevegde seg ikkje ein millimeter i fengselssaka og fekk ikkje til noko når dei sjølv sat regjering, seier Nesvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL