Hopp til innhold

– Dette er eit godt budsjett

Leiarane i støttepartia til regjeringa er samde: Dei er letta over at budsjettet er i boks, og dei hevdar at budsjettet har fått ein god miljøprofil.

Ola Betten i Venstre i Molde

Ola Betten er leiar i Møre og Romsdal Venstre.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I forhandlingane skal KrF og Venstre ha fått flytta på nær 7 milliardar kroner. Og det var klimasaka som var avgjerande for at dei to støttepartia kunne inngå ein avtale med regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet.

Til saman er dei såkalla grøne avgiftene auka med 282 millionar kroner.

– Eg syns partia har kome fram til eit godt budsjett. Det er store satsingar innan klima, innafor anna naturvern, når det gjeld velferd og næringsutvikling, seier leiar i Møre og Romsdal Venstre, Ola Betten til NRK.

– Men har Venstre fått nok gjennomslag for miljøpolitikken?

– Avgifta i den såkalla «bilpakken» blei ikkje endra. Men det har kome andre tiltak i transportsektoren. Det blir høgare avgifter på forureinande bilar. Det er ein opptrappingsplan for biodrivstoff. Virkemiddela er endra og dette ser bra ut, seier Betten.

Tore Johan Øvstebø

Fylkesleiar i Krf, Tore Johan Øvstebø på talarstolen under nominasjonsmøtet laurdag.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Kristeleg folkeparti var akkurat ferdige med nominasjonsmøte i Molde då rykta om budsjettsemja byrja å bli spreidd. Like etter møtet uttrykte fylkesleiar i Kristeleg folkeparti stort håp om at partia kunne unngå regjeringskrise.

– Eg vonar regjeringa får halde fram. Det er det beste for landet, sa fylkesleiar i Kristeleg folkeparti i Møre og Romsdal, Tore Johan Øvstebø. Få minutt seinare byrja dei første medieinstitusjonane å slå opp at partia etter alt å døme var blitt samde.

Også nyvald listetopp, Steinar Reiten, var tydeleg på at Kristeleg folkeparti måtte strekkje seg langt for å unngå regjeringskrise.

Steinar Reiten

Steinar Reiten er toppkandidat på stortingsvallista til Kristeleg folkeparti i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik

– Eg har alltid sagt at KrF høyrer til på ikkje-sosialistisk side. Dette blir ei for lita sak å felle ei regjering på, sa Steinar Reiten, kort tid før partia blei samde.

Også stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide gledde seg stort over at det ikkje blei regjeringskrise.

– Eg er svært glad for dette. Dei fire partia har no stått saman heilt i mål. Dette var viktig for Kristeleg folkeparti. Dette er ein stor siger for demokratiet. Det har vore tøffe forhandlingar, det har vore mange møte. Vi håpte heile tida at vi skulle klare å stå samla, seier Rigmor Andersen Eide.