Hopp til innhold

Skismørjing for amatørar

Er skitur i helga heilt uaktuelt fordi du alltid klabbar eller har bakglatte ski? Bommar du alltid på skismørjinga? Fortvil ikkje! Her får du tipsa som gjer skituren til ei glad oppleving for ein kvar amatør.

Skiglede i sporet

God skiglad aukar skigleda hos små og store, også under barneskirenn i Eidsdal. Ingenting er meir demotiverande enn klabb og babb i sporet.

Foto: Merete Løvoll Rønneberg

Ekkel, gamal og inngrodd klister legg seg som lim på hender og hanskar. Irritasjon og sure miner veks i takt med harmen over inntørka smørjing frå i fjor eller året før. Den seige, gjenstridige massen under skiene kan tappe ein kvar amatør for lysta til å nyte skilivets gleder. Og kjem ein seg først ut, er gjerne bakglatte ski eller klabbing det sørgelege resultatet.

Heilt typisk! Men tap ikkje motet, dette let seg fikse enkelt og greitt, lovar Jon Kåre Løvoll i Eidsdal. Han er glad skigåar som gjerne deltek i skirenn, og held kurs for nybyrjarar i skismørjing. Å gjere det enkelt er viktigast, meiner han.

Knallver og gnistrande skiføre i Eidsdal.

Utan bakglatte ski eller klabbar blir skigleda mangedobla. Løypene i Eidsdal freistar i fineveret.

Foto: Jon Kåre Løvoll

Jon Kåres beste og enklaste smørjetips:

  • Fjerne hard, gamal klister og anna skismørjing med ei skrape. Set skiene i eit varmt rom, så mjuknar smørjinga og fjerninga går lettare.
  • Ha på glivoks: Legg skiene på ein arbeidsbenk eller to bukkar. Bruk eit gamalt strykejern. Hald glivoksen inn mot halvarmt jern, slik at voksen smeltar og dryp ned på glisona på skiene. Det vil seie framme og bake, ikkje midt på skisola. Stryk jernet fram og tilbake heile tida slik at voksen blir fordelt jamt utover. Er jernet for varmt, smeltar sola og øydelegg skiene.
  • La glivoksen tørke minst 30 minutt, helst natta over.
  • Skrap bort tørr, overflødig glivoks, helst med ei skrape av plastikk.
  • No skal dagens festesmørjing på. Dette er det aller viktigaste for ein vellukka tur. Vent helst til du er ved løypa eller utgangspunktet for turen, før du vel ut kva smørjing som eignar seg best.
  • Vurder om det er våt, tørr eller frosen snø i løypa.
  • Tørrvoks eignar seg best på finkorna nysnø som held ein temperatur frå +2 og kaldare.
  • Klister er best på grov- og finkorna, våt snø.
  • Smør festesmørjinga i festesona, som startar midt på hælen og sluttar 20–30 centimeter framføre tåspissen. Dette er festesona på skiene.
  • Ta med reservesmørjing på turen. Ein type som er hardare og ein som er mjukare enn den du startar med
  • Hugs: ha også smakfulle godsaker på lur, så får du ein fin tur!