Hopp til innhold

Skarpskyttar siktar mot 3000 meter

Han skyt på langt hald, svært langt hald. Knut-Erik Rognes frå Hareid sine skyteferdigheiter har vekt så stor oppsikt via videoar på nettet at han er invitert til skytestemne i Sør-Frankrike.

Knut-Erik Rognes frå Hareid skyt på blink på fleire kilometers hald.

Det starta heilt tilfeldig i Australia der han var på besøk og fekk skyte på litt langt hald. Dei siste åra har han berre brukt meir og meir tid på dette.

- Tidleg på 2000-talet reiste eg til Australia ein tur der eg møtte på ein bonde som lurte på om eg var interessert i å skyte og jakte litt på garden hans, det gjorde eg.

Der var nokre personar som dreiv og skaut litt langt, så fekk eg prøve litt der på 4-500 meter synest det var ganske spennande. Så tok eg det med meg heim og starta så smått å prøve meg fram. Men det var ingen å spørje til råds så det var i grunnen berre å finne ut av det sjølv.

Han har ei eiga "skytebane" på Ulset i Hareid kommune med blinkar som er nesten ein kilometer unna. Men Rognes kan gjerne skyte opp mot 2,5 kilometer, og målet er å heile tida bryte grenser.

Rifla til Knut-Erik Rognes

Rifla han brukar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Må vere tålmodig

Han brukar lang tid berre på å klargjere ammunisjonen. Det han har med seg til skytefeltet denne dagen NRK er med han har han klargjort kvelden før, og med rifla legg han seg i posisjon. Pusten er regelmessig og han tek ein djup pust like før fingeren legg tyngda på avtrekkaren. Smellet er høgt og røyken legg seg rundt skyttar og rifle i sekundet etter at skotet er avfyrt. Nesten ein kilometer unna ser vi røyk og høyrer eit lite pling når kula når målet sitt i terrenget.

Knut-Erik Rognes

Klar til skot.

Foto: Arne Flatin / NRK

Spørsmålet er sjølsagt om dette er trygt på denne "skytebana" han brukar. Til det seier han fylgjande:

- Det er veldig god oversikt her og politiet har vore her og sett på det og seier dette ser bra ut.Sikkerheita kjem uansett først av og alt og eg har gjerne med meg ein kar som følgjer med i tillegg til at eg sjølv tek ein sveip i terrenget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL