Hopp til innhold

Skapte trøbbel for industrien

Straumbrotet søndag skapte store vanskar for industri som er sårbar sjølv ved korte straumutfall.

Landanlegget til Ormen lange på NYhamna

Det tek lang tid å starte opp att produksjonen på landanlegget til Ormen Lange på Nyhamna i Aukra - sjølv ved korte straumutfall.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Abonnentar frå Sogn og Fjordane til Gjemnes og Eide på Nordmøre opplevde at straumen forsvann søndag kveld. Straumbrotet og bortfallet var det mest omfattande sidan orkanen Dagmar.

Vanskar for industrien

Både Ormen lange-anlegget på Nyhamna i Aukra og Hustadmarmor i Fræna fekk stopp i produksjonen.

– Det har i og for seg gått betre enn frykta. Vi reknar med at i løpet av dagen vil det bli ganske normalt. Straumbrotet slo ut heile greia, og det er veldig mykje ekstraarbeid. Det er stor fare for havari, så det er absolutt noko av det verste vi er ute for, seier dagleg leiar Espen Lillebrygfjeld i Hustadmarmor.

Kitty Eide

Kommunikasjonssjef Kitty Eide seier Nyhamnaanlegget treng eit døgn før produksjonen er tilbake for fullt.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Også gassanlegget på Nyhamna koplast no gradvis inn etter at straumen stoppa gassproduksjonen der i går kveld, sier kommunikasjonssjef i Shell for Ormen lange, Kitty Eide.

– Den gassen vi skulle ha produsert i natt, ligg framleis i reservoaret. No må vi setje igong system for system. Det er dessverre ikkje slik på Nyhamna at ein kan trykkje på ein knapp og så er ein i gong. Det er eigne prosedyrer på dette, som dessverre tek litt tid.

Tre over linja

Ifølgje Tafjord Kraft fekk dei fleste att straumen i 23.30-tida. Unntaket var dei som vart først råka av ein feil som oppstod på Vigra før heile Sunnmøre og delar av Romsdal fall ut. Ein time seinare vert det straumbrot i Fjøra og Valldal i Norddal. Årsaka var blant anna eit tre som hadde falle over linja. Medan nokre får straumen raskt tilbake, må andre vente til klokka 04.45.

– No er det tidleg på morgonen, og vanskeleg å etablere oversikt over situasjonen, men det er ikkje blitt meldt om noko problem på straumforsyninga no i løpet av natta, så eg reknar med at alt er som normalt, seier Eidså til NRK måndag morgon.

Politi utan fasttelefon

Først litt over klokka 07 måndag morgon kunne Sunnmøre politidistrikt melde at fasttelefonen deira er tilbake i drift etter at linja datt ut som følgje av straumbrotet. Naudlinja fungerte som normalt, medan andre telefonar gjekk til kollegaene i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

– Det skjedde på best tenkeleg tidspunkt, for natt til måndag brukar å vere roleg. Det var det også denne gongen, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt.

Skal granske straumbrotet

Gerhard Eidså

Beredskapssjef for kraftforsyninga i Møre og Romsdal, Gerhard Eidså, seier alle skal ha fått att straumen etter det omfattande straumbrotet seint søndag kveld.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Hovudårsaka var feil på sentralnettlinja på Sunndalsøra. Tre som fall over linja var også med på straumbrota ulike stader. Utover dagen vil straumleverandørane prøve å finne ut kva som gjekk gale.

– Etter slike hendingar summerer opp og evaluerer selskapa kvar for seg. Som beredskapssjef vil eg ha kontakt med selskapa utover dagen og rapportere vidare til NVE, seier beredskapssjef for kraftforsyninga i Møre og Romsdal, Gerhard Eidså.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL