Hopp til innhold

Politiet: – Veit ikkje kvifor telefonen svikta

Politiet på Sunnmøre er undrande til at telefonnummeret 02800 ikkje verka etter straumbrotet søndag kveld. Men naudnummeret fungerte heile tida.

Ingmar Farstad

Stabssjef i Sunnmøre politidistrikt, Ingmar Farstad, er usikker på kva som gjorde at fasttelefonen deira slutta å fungere.

Foto: Aina Rødal / NRK

Ved 22.30-tida søndag forsvann straumen for tusenvis av husstandar i Møre og Romsdal. Straumbrotet var det mest omfattande sidan orkanen Dagmar.

Stabssjef i Sunnmøre politidistrikt, Ingmar Farstad, stiller seg undrande til at fasttelefonen ikkje verka, og seier at dei no må ha full gjennomgang av utstyret.

– Vi har egne backup-løysingar. Og førre gong vi testa dette så blei aggregatet kopla på. Linja til 112 var heile tida oppe, og det går på det same naudaggregatet som vi brukar internt, seier Farstad.

I mellomtida var telefonen kopla til Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Klokka 23.17 melde Sunnmøre politidistrikt at dei fekk straumen tilbake. Men fasttelefonen var ute fram til klokka 02:30 natt til måndag.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Straumnettet er framleis ustabilt og skaper vanskar for TV og radiosignal fleire stader i fylket og kan gje både støy og utfall. Omformar for radio og TV-signal i Eide får ikkje kraft etter straumbrotet, men dei arbeider med å finne feilen.

Norkring, som har ansvaret for sendarane, opplyser at Ørsta og Voldaområdet har mykje støy og vanskar med radiosignal for P1 og dette har no prioritet.