Hopp til innhold

– Ikkje ein menneskerett å ha straum

Ein medverkande årsak til straumbrotet var at ein hadde kopla ut ei leidning for vedlikehaldsarbeid. – Det må vi berre lære oss å leve med, seier fylkesberedskapssjefen.

Hustadmarmor

Hustadmarmor i Fræna fekk full stopp i produksjonen under straumbrotet søndag. – Straumbrot er noko av det verste som kan skje for oss, seier dagleg leiar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ketil Matvik Folldal

Fylkesberedskapssjef, Ketil Matvik Foldal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Espen Lillebrygfjeld

Dagleg leiar i Hustadmarmor, Espen Lillebrygfjeld.

Foto: Hustad Marmor AS

Fylkesberedskapssjef, Ketil Matvik Foldal, merka at straumen var ustabil også heime hjå han.

– Det kom ikkje som eit sjokk så det blei heilt mørkt. Men i den jobben eg har så byrjar ein raskt å tenke på kva problemet kan vere og kor mange det rammar.

Meir alvorleg for store bedrifter

Straumbrotet i går kveld skapte store vanskar for industri i fylket som er sårbar sjølv ved korte straumutfall. Både Ormen lange-anlegget på Nyhamna i Aukra og Hustadmarmor i Fræna fekk stopp i produksjonen. Foldal meiner at det ikkje er ein menneskerett å ha straum.

– Dei som er avhengige av straum, og møter ein kritisk situasjon utan, er sjølve ansvarlege for å ha ei reserveløysing.

Hustadmarmor blei slått ut i går klokka elleve. Dagleg leiar, Espen Lillebrygfjeld, seier at dei no er i gang igjen.

– Vi prøvde å starte opp ganske raskt etter straumbrotet, men då vart det stopp. Difor valte vi å vente til klokka passerte to før vi prøvde igjen, seier Lillebrygfjeld.

Gjekk betre enn frykta

Den daglege leiaren seier at det gjekk betre enn frykta, og dei er i gong med full produksjon i løpet av måndag.

– Dette gjer at vi får mykje ekstraarbeid, og straumbrot er noko av det verste som kan skje for oss. Tilfeldigvis gjekk det relativt bra denne gongen.

Såg an situasjonen

Foldal seier at når krafta forsvinn så handlar det ikkje nødvendigvis om å setje i gong store tiltak med det same, men at ein bør sjå an situasjonen litt, og ta kontakt med kraftselskapet for å høyre kva som skjer.

– Det gjorde vi i går, og vi fekk tidleg melding om at dei hadde kontroll. Difor valte vi å ikkje setje i verk store tiltak i går, seier beredskapssjefen.

Artikkelen held fram under videoen ...

Ein medverkande årsak til straumbrotet var at ein hadde kopla ut ei leidning for vedlikehaldsarbeid. – Det må vi berre lære oss å leve med, seier fylkesberedskapssjefen.

– Det må vi lære oss å leve med

Beredskapssjefen seier at det er paradoksalt at ein medverkande årsak til straumbrotet var at ein hadde kopla ut linja frå Ørskog til Sunndalsøra for å byggje eit meir robust nett.

– Kunne det vore unngått viss vi hadde betre straumberedskap?

– Det er berre slik det er. For å gjere ting sterkare så blir ein meir sårbar i enkelte periodar, og det må vi berre lære oss å leve med, seier Foldal.

Han seier at ein likevel ikkje kan vere fornøgd etter eit omfattande straumbrot. Dei vil no sjå tilbake på situasjonen for å vurdere kva som gjekk gale.

– Men det er like viktig å ta innover seg at slike ting kan skje, og det må vi vere førebudde på, seier Folldal.

Straumen braut på grunn av vind

Gerhard Eidså

Gerhard Eidså i Istad Nett som leier kraftforsyningens beredskap i distriktet seier at vinden er årsaka til straumbrotet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det skjedde under ekstremvêret Dagmar og no skjedde det igjen. 420 kilovoltslinja mellom Sunndal og Fræna kortslutta.

Gerhard Eidså i Istad Nett som leier kraftforsyningens beredskap i distriktet seier at vinden er årsaka til det omfattande straumbrotet i Møre og Romsdal søndag.

– Etter vi har gjort undersøkingar så viser det seg at sterk vind førte til eit samanslag av linjene mellom Viklandet og Fræna, som igjen førte til ei kortslutning og nettet kollapsa, seier Eidså.

Straumlinje blir styrka

Dette er ei kritisk viktig linje frå Viklandet i Sunndal som skal sikre straum til Ormen lange-anlegget på Nyhamna. I tillegg til Nyhamna så miste to tredjedelar av fylket straumen i om lag ein time. Ei slik kortslutning skjedde også under ekstremvêret Dagmar for to år sidan.

– Det viser kor sårbar straumforsyninga er, og det er også ein av grunnane til at vi bygg ei ny linje frå Sogn og opp til Ørskog. Når den linja er på plass så vil straumforsyninga i fylket vere svært styrka, seier Eidså.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL