Hopp til innhold

Skapte julestemning utandørs

Ved Sagelva vasskraftsenter på Verma skapte Ruth Olina Lødemel frå Ørsta førjulsstemning laurdag.

Ruth Olina Lødemel

Medan snøen fallt ned skapte Ruth Olina Lødemel ogLars Henrik Johansen julestemning på Verma.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

– Konserten starta i skumringstimen mellom dag og kveld. Vi ville prøve å få til ei spesiell lyssetting og med det skape den rette stemninga, seier Lødemel.

Med Sagelva vasskraftsenter som bakteppe var det pynta med lys og lukter for å skape ei perfekt ramme rundt julekonserten laurdag. I tillegg fekk arrangørane ei hjelpandes hand frå oven.

– Vi var litt uroa for vêret, men det gjekk heldigvis fint. Det byrja faktisk å snø under konserten. Ein kan nesten ikkje be om meir julestemning enn det. Det var heilt perfekt, seier Lødemel.

Utradisjonell konsertarena

Konserten laurdag var den andre av totalt åtte konsertar som vil finne stad i løpet av den komande veka. Lødemel har planlagt totalt tre konsertar i Rauma. Torsdag 18. desember avsluttar ho det heile med ein konsert i Grytten kyrkje i Rauma. Laurdag hadde ho derimot ein litt utradisjonell konsertarena då ho spelte utandørs.

– Det er veldig flott med kyrkjekonsertar, men vi hadde lyst å gjere noko anna også. Difor valde vi å ha nokre av konsertane utandørs. Vi ville bruke lyset og omgivnadane til å spreie julestemning, seier Lødemel.

Med seg på alle konsertsene har ho musikaren Lars Henrik Johansen, mellom anna kjent frå kringkastingsorkesteret. Han syns det var gøy å kunne spele i litt alternative omgivnader.

– Lyset og musikken i lag skapte liksom ei heilt spesiell stemning, seier Johansen.

Han innrømmer likevel at det var nokre utfordringar knytt til å spele utandørs.

– Det var litt kaldt, så eg måtte kjøpe meg hanskar å klippe av fingertuppane slik at eg fekk til å spele piano med dei, men elles gjekk det fint, seier Johansen og ler.

Får julestemning sjølve

Med litt under to veker att til jul håpar dei to å kunne setje publikum i den rette julestemninga. Så langt har responsen vore god.

– Konserten utandørs blei tatt svært godt imot. Det var fleire som sa at dei ville at dette skulle vere ein tradisjon, seier Lødemel.

Men det var ikkje berre publikum som får julestemning av konsertane.

– Eg får nesten meir og meir julestemning for kvar konsert, seier Lødemel.

I tillegg setter dei pris på alle historiane dei får høyre.

– Vi møter utruleg mykje hyggelege folk, seier Johansen.

– Ja. Publikum fortel om sine juletradisjonar og kva som får dei i julestemning, det er koseleg, legg Lødemel til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL