NRK Meny
Normal

Overveldande oppmøte til julemarknad

Søndag gjekk det årlege julemarknaden i Molovegen i Ålesund av stabelen. Over tre tusen hadde møtt opp for å få med seg det tradisjonelle arrangementet.

Gå til forsiden

Julemarked i Molovegen

Julemarked i Molovegen

Julemarked i Molovegen

22 bilder

    Julemarked i Molovegen

    Det flaut nærmast over av folk i Molovegen søndag.

    Foto: Silje Bjerknes / NRK

    I ti år har julemarknaden i Molovegen markert starten på juletida, og spreidd julestemning til alle som tek turen. Slik var det også i dag. Gatene var fylt til randa av store og små som ville få med seg dei ulike aktivitetane langs julegata.

    – Vi er kjempenøgde med oppmøtet. Vi hadde håpt på to og eit halvt tusen og fekk over tre tusen. Besøkstala ser ut til å auke for kvart år som går, seier Stig Gunnar Myren.

    Han er ein av dei som er med på å arrangere marknaden og fortel at interessa har vore aukande frå år til år.

    – Om lag 1600 menneske møtte opp i fjor, til trass for dårleg vêr, det fortel noko om interessa, seier Myren.

    Aukar for kvart år

    Julemarknaden har eit tradisjonelt program med aktivitetar og underhaldning, og årets arrangement følgde dei same tradisjon som tidlegare.

    Julegata kunne by på julefotografering, utstillingar, teater, julenissar, lotteri, diplomutdeling og moglegheit for å besøke Trankokeriet. I tillegg var det også mogleg å kjøpe både mat og heimelaga artiklar.

    – Vi har endå fleire utstillarar i år enn tidlegare, og kan by på alt du skulle trenge til jul, seier Myren.

    Viktig juletradisjon

    Bakgrunnen for det årlege julegatearrangementet var eit ynskje om å gjere Molovegen til ei aktiv og livleg gate.

    Molovegen er ein av dei få plassane som ikkje vart tatt av bybrannen og har eit veldig spesielt trehusmiljø. Eg meiner den er den mest sjarmerande gata i Ålesund sentrum og passar difor perfekt som julegate, seier han.

    Og det var verkeleg julestemning i Molovegen søndag. Medan eit kor song julesongar kunne ein vandre nedover julegata og utforske alle aktivitetane.

    – Julemarknaden er ein viktig juletradisjon, og det er mange som gler seg til det kvart år. Det er liksom ikkje heilt jul utan julemarknad i Molovegen, seier Myren.