Hopp til innhold

Skal skaffe frivillege til seglskutefest

I kveld vert det rekrutteringsfest for å skaffe frivillige til Tall Ship Race i Ålesund. Det trengst 300 frivillige til seglskutefesten i juli.

Tall Ships´ Races

I fjor var Tall Ships Race i Bergen. Til sommaren er det Ålesund som skal ta imot alle seglskutene.

Foto: Unni Arnøy

Det sluddar i Ålesund og gråe skyer heng tungt overt fjella. På Prestebrygga skal Øyvind Vebenstad i kveld gi folk sommarkjensle og lyst til å bidra under seglskutefesten Tall Ship Race 15.–18. juli. Han er frivillegansvarleg og jaktar på 300 personar som vil hjelpe til.

– Vi treng folk som snakkar ulike språk. Alle som kjem sjøvegen skal bli møtt av folk som pratar deira eige språk, seier Vebenstad.

Dei treng også folk med ulik kunnskap og det kan vere alt ifrå røyrleggarar til seglmakarar.

Øyvind Vebenstad

Øyvind Vebenstad er frivillegansvarleg i Tall Ship Race i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vebenstad er til dagleg tilsett som arrangementsansvarleg i AaFK og hans erfaring frå frivillig arbeid er at det aller viktigaste er å få tak i dei som har ein stor kjærleik til byen og regionen. Det har allereie meldt seg folk frå heile Møre og Romsdal og også folk som deltok på seglskutefesten i Bergen i fjor sommar.

– Dei tar ein del av ferien sin i Ålesund for å delta, seier Vebenstad.

Til no har dei 170 personar på lista, men det trengst mange fleire. Sjølv trur Vebenstad det å delta som frivillig er ein fin måte å knyte nye kontaktar på.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL