Skal mette kvar femte amerikanar

Laksegründerane Bjørn-Vegard Løvik og Johan E. Andreassen frå Daugstad i Vestnes tar sikte på å nå tjue prosent av den amerikanske laksemarknaden. Produksjonen er i gang ved Atlantic Sapphire sitt gigantanlegg i Miami i Florida i USA. Dette er det første anlegget i verda med lakseproduksjon frå rogn til ferdig filet på land.

Bjørn-Vegard Løvik og Johan E. Andreassen
Foto: Tore Ellingseter / NRK