Hopp til innhold

Skal lage ei liste over tiltak mot arbeidsløyse

Uro over stigande arbeidsløyse, særleg blant ungdom, fekk fylkesutvalet i går til å snakke om kva dei kan sette inn av ekstraordinære tiltak. Toril Melheim Strand (Ap) vil ha ei liste over mottiltak mot arbeidsløysa.

Toril Melheim Strand

Toril Melheim Strand (Ap) meiner fylkespolitikarane må finne gryteklar prosjekt som kan settast i gang fort, dersom regjeringa løyver pengar som mottiltak mot arbeidsløysa.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Møre og Romsdal står nesten 4000 personar utan arbeid. Tal frå NAV viser at 3,1 prosent av arbeidsstyrken i heile landet er utan jobb i august.

– Det er viktig at vi kan bremse arbeidsløysa, spesielt blant ungdom. Å vere arbeidsledig er nedbrytande, seier Toril Melheim Strand (Ap).

LES OGSÅ:

Sykkelvegar og ferjebygging

I Fylkesutvalet var det i går tverrpolitisk semje om at vi må ta i bruk dei verkemidla og verktøya som finst for å hjelpe.

Det kome mange ulike forslag på bordet, som å komme i gang med bygging av gryteklare prosjekt, enten det er gang- og sykkelvegar, skulebygg, ruste opp bruene og tunnelane, eller bygge nye ferjer som tilfredsstiller framtidas miljøkrav. No skal det lagast ei liste over mottiltak.

Ta inn lærlingar

Men mykje av dette krev statlege bidrag, og då må fylkespolitikarane påverke sentrale styresmakter. Fylkeskommunen må også gjere det den kan som å ta inn fleire lærlingar og krevje at andre gjør det same.

– Då det var finanskrise i 2009 kom regjeringa med motkonjunkturtiltak og vi fekk ekstra midlar. Difor må vi finne prosjekt som er klare og kan setjast i gang fort, dersom dagens regjering kjem med slike tiltak, seier Strand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL