Skal føre til færre stengingar

Moglegheita til å stenge berre eitt køyrefelt skal sørge for betre trafikkflyt og bidra til færre stengingar av Ellingsøy- og Valderøytunnelen. Køyrefeltsignal vil bli tatt i bruk der dei to felta går i same retning. Skilt i taket vil gi beskjed om køyrefeltet er ope. Ei gul, blinkande pil vil signalisere at feltet er stengt og at ein må skifte køyrefelt. Det opplyser Statens vegvesen. Det er Vegtrafikksentralen som skal styre dei nye systema. Fram til no har det ofte vore eit problem at Ålesundstunnelane har blitt stengt på grunn av hyppige motorstans, noko som også ofte har ført til lange køar. Sjå meir i videoen her: