Hopp til innhold

Skal du bygge terasse i sommar?

Byggmester Sigbjørn Emblem har fleire tips til dei som skal bygge seg ny tarasse. – Dei aller fleste kan bygge terassen sin sjølv, så lenge dei er nøye på forarbeidet.

Sigmund Emblem

Sigmund Emblem bygger terasse på huset sitt i sommar. Sjølv er han faglært, men det treng ein ikkje vere for å få eit godt resultat.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Hørselsvernet er på og Sigbjørn Emblem står klar med kappsaga i hagen. Ein skarp og høg lyd skjærer gjennom lufta i det han kappar den mørkebrune planken i to. Byggmesteren frå Ålesund er i gong med å bygge ny terasse på huset sitt, slik som fleire andre på denne tida av året.

– Ein treng ikkje om å vere byggmester eller snekrar for å bygge terasse. Det er ikkje så vanskelig, men det er viktig å planlegge godt før ein byrjar.

Det første bordet ein legg bør vere like langt som terassen, slik at resultatet vert rettast mogleg.

– Om ein legg første bord riktig, så skal det mykje til at det blir skeivt, seier Emblem.

Vedlikehaldsfritt og sklisikkert

Emblem bygger ei tett terasse som måler heile 12 meter i lengda. Han har valt å bruke royalimpregnering som terassebord, noko han også anbefalar andre.

– Godt og riktig materiale er viktig. Royalimpregnering er eit terassebord av god kvalitet som er vedlikehaldsfritt og sklisikkert.

Royalimpregnering er brent materiell med olje i. Overflata er dekka av små riller.

– Regnet kan gjer at det blir vått og sleipt på treverket, men med rillene så renn vatnet lettare av og ein unngår å skli.

Sigmund Emblem

Sigmund Emblem nyttar royalimpregnering med riller på, for å unngå at ein sklir når det er vått.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Bruk skruar, ikkje spiker

Emblem fortel at det er viktig å legge borda heilt saman, slik at treverket krympar minst mogleg. Som feste nyttar han skruar.

Skruer

Ein bør bruke skruar i staden for spiker for eit betre resultat.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Skruar er lettare å nytte, det varer lenger og i tillegg vert resultatet finare.

Emblem tek fram ein skrue på 35 milimeter og plasserer den på sida av bordet, den brune planken han nett har plassert.

– Det er viktig at ikkje skruane er for lange, slik at det ikkje blir hol i gulvet. Eg skrur den også inn på sida av treverket slik at skruen ikkje vert synleg.

Kva er det flest folk gjer feil når dei skal bygge terasse?

– Om terassen ligg i første etasje er det vanlegast å gjere feil på grunnarbeidet. Om grunnen ikkje er gjort skikkeleg, kan terassen fort bli ei berg- og dalbane sidan bakken har ein tendens til å endre seg. Bruk tid på planlegging og teikn gjerne opp på førehand. Planlegginga er halve jobben.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL