Skal designe nytt skip

Skipsteknisk i Ålesund vann anbodet på design av eit nytt fiskeriforskingsskip til Irland. Kontrakten blei nyleg signert i Dublin, og inneheld utvikling av design, prosjektering og byggeteikningar. Skipsteknisk skal også stå for byggeleiinga på verftet når det arbeidet kjem i gang. Skipet blir om lag 50 meter langt, og skal ha låge utslepp og energisparing.

Dr Peter Heffernan, CEO Marine Institute og Hans Ove Holmøy, CEO Skipsteknisk AS
Foto: Jason Clarke