Avtalen er truleg den største som Jets nokon gong har inngått, seier dagleg leiar Kåre Haddal.
Bedrifta Jets med 50 tilsette har i fleire år levert vakuumtoalett til kinesisk skipsindustri. Det er truleg bakgrunnen for at dei no har fått tilgang til å levere toalett til kinesiske tog. Gründarane på Hareid har gjennom fleire år bygd opp verksemda som fram til no har spesialert seg på skips- og hyttetoalett.
Vakumtoalett frå Jets Vacuum.
Marknaden for løysingane har vore god. I 2003 omsette den maritime delen av selskapet for nær 100 millionar kroner. Morselskapet hadde eit overskot før skatt på vel 12 millionar same året.
Avtalen som no er inngått med kinesarane skal gå over tre år og det skal utviklast fem prototypar som skal innstallerast i kinesiske tog.
Prosjektet blir organisert som eit forskings- og utviklingsprosjekt der Innovasjon Norge deltek i finansieringa. Jets har sikra seg rettar og patentar og produksjonen vil foregå i Noreg. Hovuddelen i vakuumsystemet vil bli produsert av Mjøs Metallvarefabrikk i Hordaland.