Hopp til innhold

Sjukepleiar tok imot luksusgåver frå pasient

Ein sjukepleiar i Møre og Romsdal blir etterforska av politiet for å ha tatt imot dyre merkevarer frå ein psykiatrisk pasient. Berre i fjor måtte seks helsearbeidarar slutte på grunn av ulovleg rolleblanding.

Burberry-veske og sjal

Saka blei rulla opp då pårørande til pasienten oppdaga at sjukepleiaren brukte pasienten si kostbare veske. Sjukepleiaren vedgår å ha tatt imot ei Burberry-veske og eit sjal, i tillegg til eit sølvsmykke og ein middag frå pasienten.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ein sjukepleiar i Møre og Romsdal blir no etterforska av politiet for å ha tatt imot luksusvarer som tilhøyrer ein psykiatrisk pasient. Pasienten, ei kvinne i 30-åra, har sjølv lagt fram ei lang liste over det ho hevdar sjukepleiaren tok imot. Lista inneheld fleire kafe- og restaurantbesøk, ei Burberry-veske til om lag 10 000 kroner, eit eksklusivt sjal, fleire kjolar, genserar og skjorter av luksusmerke som Gant, Burberry og Tommy Hilfiger.

Pasienten skildar eit profesjonelt forhold på ein institusjon som utvikla seg til det ho trudde var eit personleg venskap.

– Det gav meg ei god kjensle å tru at ho verkeleg brydde seg ... eg skjønte på ein måte ikkje at det var gale, seier pasienten til NRK.

Ho bur ikkje lenger på institusjonen, men seier ho gjennom behandlingstida på om lag eitt år, også kjøpte snus, blomster og godteri til sjukepleiaren.

Braut lova på fleire punkt

Det var pårørande til pasienten som slo alarm, då ho deltok på eit møte og oppdaga at sjukepleiaren hadde tatt i bruk den eksklusive veska.

Fylkeslegen i Møre og Romsdal konkluderte tidlegare i vår med at sjukepleiaren braut lova på fleire punkt då ho tok imot fleire gåver.

Fylkeslege i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen rår helsepersonell til å søkje råd hos sjefen, kollegaene eller fagforeininga dersom ein er i tvil om kva ein kan ta imot frå ein pasient. Den konkrete saka omtalar ho som eit klart brot på lovverket.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er alvorleg fordi det kan påverke objektiviteten til helsepersonellet. I verste fall kan det føre til at det blir tatt uheldige avgjerder som ikkje er i pasienten si interesse, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.

Vedgår å ha fått dyre gåver

Sjukepleiaren ønskjer ikkje å la seg intervjue av NRK. Ho vedgår i brev til Fylkesmannen å ha tatt imot ei luksusveske av merket Burberry, eit stort sjal av same merke, eit sølvsmykke og ein julemiddag på restaurant.

Ho avviser bestemt at ho har utnytta pasienten eller blitt ven med henne, og skriv til Fylkesmannen at ho tok imot fordi pasienten insisterte: «Ho nærmast tvang meg til å ta imot. Så dessverre enda det med at eg tok imot den».

Her beklagar ho det som skjedde og skriv at ho burde tatt opp saka med sjefen sin, men at vedkomande var på ferie.

Sølvsmykke og Burberry-produkt

Sølvsmykket skulle vere ei avskjedsgåve frå pasienten til sjukepleiaren. Sjukepleiaren leverte også det tilbake då saka kom for dagen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Misser autorisasjon

Helsepersonell har ikkje lov til å ta imot gåver frå pasientane sine, men det er ikkje alle som klarer å stå imot freistinga.

Kvart år misser fleire tilsette i helsevesenet løyvet til å utøve yrket sitt på grunn av rolleblanding. Ifølgje ei oversikt frå Statens helsetilsyn var det seks i fjor. Det er fleire enn nokon gong sidan helsetilsynet begynte å registrere denne typen saker i 2012.

I Helsepersonellova § 9 andre ledd heiter det konkret: «Helsepersonell må heller ikkje ta imot frå pasient eller bruker gåve, provisjon, teneste eller annan yting som har meir enn en ubetydeleg verdi».

Har gøymt veska

Då det blei oppdaga, leverte sjukepleiaren tilbake både veska, smykket og sjalet til pasienten. Ho arbeider ikkje lenger på avdelinga og har fått ei munnleg åtvaring frå den nye arbeidsgjevaren sin.

Saka blei meld til politiet i september. Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik skriv i ein e-post at dei håper å få tatt fatt i saka i løpet av kort tid.

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik

Saka blei meld til politiet for ni månader sidan. Politiadvokat Magne Balzer Grimstvedt Kvalvik skriv i ein epost at dei håper å få fortgang i etterforskinga i løpet av kort tid.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I mellomtida seier pasienten at ho ikkje lenger klarer å bruke veska og sjalet.

– Alt er stabla i kjellaren. Det er så vonde minne, det får meg til å tenkje på henne, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL