To personar sikta
Politiet har sikta to personar - ein mann på 42 år og ein mann på 46 år - etter mordbrannparagrafen. Ein 31 år gamal mann har og vore sikta, men dette har politiet frafalt no.
Politiadvokat Gudrun Kalvatn opplyser til Sunnmørsposten at 31-åringen hadde alibi for det aktuelle tidsrommet.
Fengslingsmøte
På et fengslingsmøte i ettermiddag nekta dei to mennene å ha noe å gjere med brannen.
Aktor ba om varetektsfengsling i fire veker med brev- og besøkskontroll, medan forsvararen for dei to la ned påstand om løslating.
Først i morgon blir det klart om dei to som er sikta etter mordbrann-paragrafen, blir varetektsfengsla.
I tillegg er fem andre personar sikta for medvirkning til forsøk på lekamskrenking. Nokre av desse satt i avhøyr mandag førmiddag, men blir sett fri etter avhøyr.
Kripos skal i dag bistå politiet i Ålesund med tekniske undersøkingar både på brannstaden og rundt lokala til Banished Freaks.
Måtte bryte seg inn
Då politiet aksjonerte mot Banished Freaks måtte dei gå hardt til verks. Dei som var inne i lokala, nekta å opne, og politiet måtte bryte seg inn.
Fungerande politioverbetjent i Sunnmøre Politidistrikt, Terje Rishaug, er svært interessert i tips frå publikum.
- Dette gjeld særleg observasjonar av folk og bilar i det aktuelle tidsrommet mellom klokka 05.30 og 06.30, seier Rishaug.
Lettare skadd
To personar - ei kvinne på 18 år og ein mann på 20 år - var inne i lokale då det starta å brenne i Overload MC søndag morgon. Dei to blei sende til sjukehus med lettare skadar.
- Dei to er blitt behandla for kuttskadar og røykskadar, seier Rishaug.
Trur hemn kan vere motivet
Politiet trur hemn kan vere motivet for brannen. På åstaden var det tydeleg at noko var blitt kasta inn gjennom eit vindauge, men politiet vil førebels ikkje seie om det var ein brennande gjenstand som blei kasta inn.
- Å gå ut med detaljar vil vi ikkje gjere no. Det er litt for tidleg, seier Rishaug.