Hopp til innhold

Desse skisentera har ope i påska

Berre skisenter på Sunnmøre byr på opne trekk og preparerte løyper i helga. På Nordmøre og i Romsdal er snømangelen for stor.

Stranda skisenter - fargekorrigert

To trekk på eine sida av dalen skal etter planen vere opne heile påska på Stranda Skisenter. Forholda er for tida best oppe i høgda.

Foto: Stian Græsdal

Påskeferie er synonymt med snø, skiføre og sol.

Vel, ikkje alltid. Men nokre av skisentera i fylket har ope likevel, og tilbyr skiføre i både løyper og trasear.

Fyller på snø på Fjellseter

Hos Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter jobbar ein for å kunne halde skitrekka opne i påska.

– Vi skal køyre på snø lengre ovanfrå til dei nedste partia, og satsar på å etter kvart ha ope iallfall tre trekk. Kjem det snø, opnar alt, seier styreleiar Tore Utgård.

Når det gjeld løypenettet, ser det meir dystert ut for skiturar i påska. Det er altfor store berre flekkar i området til å lage skiløyper.

– Eg anbefaler toppturar i år, seier Utgård, og nemner Ausekaret som eit populært mål.

Men om snøen kjem, vert turløypene på Fjellseter preparerte kvar dag i påska, står det på heimesidene til senteret.

Her ser du når skiløypene i fylket sist vart oppdaterte (skisporet.no).

Til topps på Strandafjellet

På Strandafjellet er planen å halde ope heile påska, opplyser marknadssjef Ellen-Beate Wollen.

Trekka på Furset-sida av dalen vil vere i drift, og både Fursetheisa og Egga Fjelltrekk vil ta ein godt opp i fjellsida.

– Forholda er sjølvsagt best oppe i høgda. Dei er ikkje flotte, men framleis gode, seier ho.

Eit godt grunnlag av kunstsnø samt eit mindre snøfall for nokre veker tilbake gjer at det framleis er snø i traseane.

For turgåarane vil den glade nyheita vere at turløypene framleis er brukbare på Strandafjellet.

– Dei byrjar å verte litt slitte nedst i Hevsdalen ved botnstasjonen for trekka. Men oppe i dalen er det gode turforhold, seier Wollen.

Derfor er gondolheisa på andre sida (Roaldsida) av dalen òg opa i påska. Den tek ein til Paviljongen Roalden, som tilbyr mat og utsikt frå ei høgd på 1 042 meter over havet.

Sjekk vêrutsiktene for alpinanlegga i Møre og Romsdal her.

– Det spøkjer for påska

Rune Støversten

Dagleg leiar Rune Støversten på Overøye i Stordal har stengt trekket, men håper folk brukar skiløypene til langrenn.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Langt frå alle trekka på Sunnmøre som har ope i påska. Skisentera i Volda og Ørsta er begge stengde. Etter webkameraa og vêrmeldingane å dømme ser nok sesongen ut til å vere over her.

På Overøye i Stordal stengde dei heisa i starten av april. Der er ikkje snø att nedst i anlegget.

– Vi håpar i det lengste at den lågare temperaturen og skyene som er melde fører til snøfall. Men det er umogleg å vite, og det ser spøkje ut for påska, seier dagleg leiar Rune Støversten i Arena Overøye.

Turløypene derimot, kan framleis nyttast. Om ein køyrer bil til Langsætra, går det løyper innover mot Storvatnet, seier han.

– Sesongen over

I sjekkerunda til NRK kjem det fram at sesongen så å seie er over for skisentera på Nordmøre og i Romsdal.

Ingen av heimesidene for dei ulike skianlegga melder om trekkande T-ar.

Driftsleiar Pål Nakken i Tusten Skiheiser seier det er heilt berrt i området. Han har heller ingen håp om å kunne opne trekka i påska.

– Sesongen er over. Det er 100 % sikkert. Det er berre meldt mildvêr, så påska er nok køyrd, seier Nakken.

På Skaret Skisenter i Molde er det ikkje lenger mogleg å tilby preparerte løyper.

– Det er berre nokre snøflekkar att, og ingen moglegheiter for å trakke ei samanhengande løype. No er det for høge temperaturar til å lage kunstsnø. Så slik vart det i år, seier styreleiar Sigmund Julshamn.

Også i Eikesdalen har den milde vinteren teke overhand. På heimesidene ligg denne meldinga:

Etter torsdag 3/4 holder vi stengt inntil det kommer mer snø...