Tv-serien som trakkar utanfor den vanlege turistløypa er tilbake og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte nye program tek programleiar Linda Eide oss med til ukjende attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi.
- Les også:
- Les også:
Fekk bølgjer under baugen
Brudeegget kviler vanlegvis trygt utanfor Aalesunds Museum, men no har det fått bølgjer under baugen att. Takka vere ein velvillig og modig museumsdirektør. Ole Ellefsen tok saka då Norsk attraksjon ville sjøsetje den legendariske livbåten. Med trailer gjennom tronge gater og ei forsiktig sjøsetjing i Brosundet er det klart for båttur. Bli med på ei brudeferd som slår den i Hardanger ned i støvlane!
- Les også:
- Les også:
Nett som den gong
Iført blåtrøyer og skipperluer inntek eit høgkompetent mannskap det unike egget. Ole Ellefsen, Knut Maaseide og Dagfinn Ullaland, med Linda Eide i spissen. Nett som då Ole Brude la ut på si ferd over Atlanteren i 1904–05. Den gongen for å bevise dugleiken til den overbygde livbåten han hadde funne opp. Denne gongen for å vise kor fantastisk og utruleg den originale Brudeferda var.
Det blir fort klaustrofobisk om bord når Ellefsen, Maaseide, Ullaland og Eide røyker pipe og gassar seg i hermetiske erter i den knøttvesle skuta. Vifting med ladd knallpistol, våte fall og harde landingar er berre litt av det denne turen rommar. Fylg med i Norsk attraksjon, laurdag 28. januar på NRK1.