Hopp til innhold

Vil rive Noregs skeivaste butikk: – Det er mange som blir svimmel og uvel

Butikken i Åsen skal erstattast med ein ny og bein butikk. Då treng ikkje kundane på Extra'en tvihalde på handlevogna.

SKEIV BUTIKK: Norsk Attraksjon og programleiar Linda Eide på besøk i butikken der handlevognene lever sitt eige liv og stikk av så fort du snur deg vekk.

– Handlevogner har jo flydd med både ungar og matvarer i alle år.

Det seier Tanja Munkeby som er på veg inn for å handle på matbutikken på Åsen i Levanger.

Men det er ikkje ein vanleg butikk. Han er den skeivaste butikken i landet.

Det er 70 centimeter forskjell på det nedste og det øvste hjørnet, og det merkast godt.

– Ein må jo berre ta omsyn til det når ein sit frå seg handlevogna, så ho ikkje hamnar på lageret, seier Morten Hammerhaug.

No kan det vere butikken må rivast, til fordel for ein bein butikk.

– Det kan jo bli bra å få eit nytt bygg med eit flatt golv, legg han til.

Hammerhaug

Morten Hammerhaug seier han ikkje kjem til å sakne det skeive golvet.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Mange blir svimmel

Huset var fyrst meieri og golvet skulle ha ei viss helling.

Men etter kvart har leirgrunnen under bygget sige og butikken har blitt enno skeivare.

– Det er mange som blir svimmel og uvel fyrste gong dei går inn her, seier Munkeby.

Les også Stor etterspurnad etter ved: – Kan selje ein semitrailer dagleg

Vedselger Arve Olsø

Kundane har blitt vand med å sette handlevognene inntil frysedisken, kjøleskap og reolar.

Men både kundar og tilsette synest det er heilt greitt at den skeive butikken blir erstatta med ein ny.

– Det skal gå bra å gå på eit flatt golv også, seier Hammerhaug, som ikkje kjem til å sakne det skeive golvet.

Skjev butikk

BRATT: Hellinga i butikken er på 5 prosent. Dette skiltet varslar kundar og tilsette før dei går inn i butikken.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Vil bygge nytt

– Det har lenge vore eit stort ønske frå både tilsette og medlemmar om å kome i gang med bygginga av ny butikk.

Det seier administrerande direktør Torbjørn Skei i Coop Midt-Noreg til Trønder-Avisa.

Coop Midt-Noreg vil rive butikken i Åsen, skriv Trønder-Avisa.

– Ønske vårt er å rive eksisterande butikk og bygge nytt, seier Skei til avisa.

Les også Gaupe vandret utenfor matbutikk: – Mer urban enn det vi vanligvis ser

Ei gaupe utenfor en matvarebutikk

Det skeive golvet gjer det utfordrande for tilsette å gjere jobben sin.

No har Coop Midt-Noreg vore i møte med Levanger kommune for å finne ut om det er mogeleg å begynne å bygge ny butikk.

Men det er framleis uklart når ny butikk er på plass.

Sjå heile episoden frå Norsk Attraksjon her:

Linda Eide guidar oss til ukjende attraksjonar landet rundt. Ein butikk der handlevognene lever sitt eige liv og stikk av så fort du snur deg vekk. I byfjella i Bergen ligg ein utruleg ruin frå den gongen Bergen satsa heilhjarta på skihopping! Det gjekk på helsa laus den gongen, og det kan gå på helsa laus den dag i dag. I Holmenkollen ligg eit uvanleg hus og vitnar om ei tid då stjernekikking var det mest populære underhaldingstilbodet i Oslo. Staven som knakk er for lengst ein historisk gjenstand i alle sine bitar, men kva skjedde med staven som ikkje knakk? Veit Oddvar Brå kvar det er blitt av den? Og veit han kva han gir seg ut på når han utfordrar ein tidlegare vossameister til rulleskiduell?

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at det var ein Coop Prix butikk, men i 2015 blei han utvida og omgjort til Coop Extra.