Hopp til innhold

Pastor vil kjøpe mirakelhuset

Pinsepastoren Vidar Godø ønskjer no å kjøpe "mirakelhuset" i Ålesund. Håper å få det til ein billig penge.

Pinsepastor Vidar Godø

Pinsepastor Vidar Godø i Ålesund ønskjer å ta over 'mirakelhuset'.

Foto: Brede Røsjø

Pinsepastor Vidar Godø ønskjer å kjøpe "mirakelhuset" i Ålesund, som blei ståande igjen då bybrannen herja i 1904. Møt pinsepastoren og huset:

Video Pinsepastor vil kjøpe "mirakelhuset"

Pinsepastor vil kjøpe 'mirakelhuset' i Ålesund.

Ifølgje avisa Dagen har fleire vist interesse for huset etter at NRK nyleg sende innslag om huset i programmet Norsk attraksjon.

Les meir om det populære huset:

Kan bli bønehus

Pastor Vidar Godø frå Filadelfia håper no å få med seg kyrkjelyden sin til å finansiere kjøpet av det spesielle huset.

- Vi vil gjerne bevare huset som eit bønehus, men tenkjer at det skal brukast av ålmenta Vi ønskjer at folk i byen skal kunne kome inn i huset og oppleve eit bøne- og samtalefellesskap, seier Godø. Han er sjølv blikkenslagar og seier han klør i fingrane etter å setje huset i stand.

- Dette er ei kulturhistorisk perle, seier han.

Huset forfell

Det har vore skrive og sagt mykje om Walde-huset etter brannen for over 100 år sidan, men ingen har vist vilje til å ta vare på det eldgamle huset. Dei siste åra har huset forfalle. Huseigar Per Magne Walde har ifølgje Dagen ønskt støtte frå bystyret til å restaurere huset, men fått avslag.

Waldehuset

'Mirakelhuset' har stått til forfall i mange år.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Les meir om forfallet:

Trur på historia

No håper pinsepastoren å få kjøpe og restaurere huset så snart som råd. Men den gamle historia vil dei ikkje begrave:

- Vi trur på den historia at Gud bevarte huset gjennom brannen. Det var ingenting som tilsa at huset skulle klare seg den forferdelege natta, og vi trur at Gud på denne måten ønskte å vise si makt på, seier Godø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL