Tell Teigen i «Norsk attraksjon»

Laurdag var det klart for ein ny runde med det populære programmet «Norsk attraksjon» på NRK1. Få med deg besøket i den gamle turnbygda Høyanger.

Tell Teigen balanserer i Høyanger

BALANSERTE: Slik blei Tell Teigen verdsberømt.

Programleiar Linda Eida trakkar utanfor den vanlege turistløypa og viser deg det du ikkje finn i guideboka når ho i morgon går i gang med den tredje sesongen.

I det første programmet går turen mellom anna til industribygda Høyanger. Her vaks den fantastiske balansekunstnaren Tell Teigen opp. Linda Eide skal finne ut korleis det står til med turnkunstenen i bygda i dag.

I 2008 blei det reist eit monoment over Høyanger sin store son. Det veg tre tonn og ragar 20 meter opp i lufta. Kunstverket viser glansnummeret frå sirkusdagane i USA i etterkrigstida, i handståande på ein stabel av stolar utan nokon form for sikring.

Programmet går også i reprise på NRK1 søndag 8. klokka 18:25 på NRK1. Du kan også sjå det måndag 9. klokka 16:30 på NRK2.

Linda Eide og Tell Teigen-monumentet i Høyanger

TURNAR: Johnny Litzheim (t.v.) og Linda Eide (t.h.) finn ut korleis det står til med balansekunsten i Høyanger i dag.

Foto: Kristin H. Hauge