Måndag opna Moldejazz 2017, og i kjent stil spelte musikarane opp ved Hotel Alexandra før det blei parade gjennom Storgata. NRK legg ut bilde og video etter kvart.
Opptoget enda opp i Alexandraparken, der det var offisiell opningsseremoni klokka 12.00. Kulturminister Linda Hofstad Helleland stod for opninga av den 57. jazzfestivalen i Molde. Først heldt Molde-ordførar Torgeir Dahl ein tale.
– At Moldejazz ikkje var på Aftenposten si oversikt over Norges 30 viktigaste festivalar, må takast som et uttrykk for at vi er eit stykke unna Oslo. Molde har et mål om å vere ein av landets ti viktigaste kulturbyar, sa Dahl frå scenen.
Under opningsarrangementet får publikum oppleve årets Artist in Residence, pianisten Vijay Iyer. Dei andre artistane som skal opptre på opninga er saksofonisten Steve Lehman og pianisten/organisten Cory Henry.
Anitra Eriksen er konferansier i Alexandraparken. Ordførar Torgeir Dahl og Moldejazz-sjef Hans Olav Solli skal tale.
I fjor var det fullt av folk i Storgata då kommunalminister Jan Tore Sanner dansa først i paraden og stod for den offisielle opninga.