Hopp til innhold

Sirkus vil kjempe for å få statsstøtte

– Kvifor skulle ikkje vi få statsstøtte. Vi er kultur vi også, seier direktør i Cirkus Zorba, Ronja Gujord.

Kvar einaste dag, seks månader i året er det vesle sirkuset frå Frei på Nordmøre, ute på landevegane. I løpet av ein sesong køyrer følget med 15 lastebilar og campingvogner fleire tusen kilometer. No vil sirkusdirektør Ronja Gujord kjempe for at også sirkus skal få statsstøtte, på lik linje med anna kultur.

Store utfordringar

– Det er ikkje mange år sidan folk starta å sjå på sirkus som kultur. Vi har utfordringar ingen andre kulturaktørar har, men får ingen økonomisk støtte, seier Gujord.

Ho tok over det vesle sirkuset som 19-åring og vart dermed verdas yngste sirkusdirektør.

Får ikkje sette opp teltet

Ronja Gujord

Ronja Gujord meiner at sirkus vert sett på som useriøst.

Foto: Arne Flatin / Flatin

No ser ho at sirkuset ikkje vil overleve utan støtte fra styresmaktene. Folk strøymer ikkje lengre til sirkusa, slik dei gjorde før. I tillegg slit dei med å få lov til å sette opp teltet sitt. Grusbanene har blitt omgjort til kunstgras, og mange seier nei til å ta imot sirkuset.

– Eg føler at sirkuset vert sett på som useriøst, og litt sigøyneraktig. Men vi er ein seriøs bransje og det vil eg få fram. Det er dette som er levebrødet vårt, seier Gujord.

Cirkus Zorba er det minste sirkuset i landet og har modernisert seg ved å satse meir på dans, koreografi og historiefortelling.

No vil ho prøve å få eit møte med Kulturdepartementet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL