Hopp til innhold

Siste juleribbe frå slakteriet i Ålesund

Ribba du slafsar i deg julaftan kan bli den siste. Det vil seie den siste frå slakteriet i Ålesund. For no er det ikkje berre grisen, men sjølve slakteriet som skal slaktast.

Video SISTE JUL FOR SLAKTERIET

Det er siste gong det blir produsert juleribbe ved slakteriet i Ålesund.

Jula nærmar seg, og folket gler seg til ribbe på julaftan. Men for slaktaren er det også ein annan tradisjon som gjer seg gjeldande. For han har det faktisk blitt ein vane å miste arbeidet.

Rune Kjelstad

Rune Kjelstad misser slakterijobb for tredje gong.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Først miste eg arbeidet då slakteriet på Fannrem blei lagt ned i 1987. Så blei slakteriet i Surnadal lagt ned i 2001. Og no har turen komen til Ålesund, seier slaktar Rune Kjelstad.

22 utan jobb

22 av dei tilsette ved slakteriet i Ålesund har ikkje greidd å skaffe seg ny jobb til no. Mange har vore tilsette sidan dei var svært unge. Ein av dei var ute og bada då han fekk tilbod om jobb. Og han var vore på slakteriet sidan.

Øystein Emblem

Øystein fekk arbeid på slakteriet som ung gut. No er det slutt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg tykkjer dette er trist. Det er utruleg at Nortura går så langt at dei legg ned dette, seier ekspeditør Øystein Emblem.

Prøver å finne nye jobbar

Det blir slakta framleis. Men hovudjobben er å skaffe nytt arbeid til dei tilsette.
Mange står utan jobb når slakteriet stenger dørene før påske.

Svein-Erik Nilsen

Svein-Erik Nilsen er fabrikksjef på slakteriet i Ålesund

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg vonar vi klarer å skaffe jobb til alle før vi legg ned. No er det siste jula vi lagar svineribbe her. Like før påske er det slutt her, og vi har 22 som enno ikkje veit kva dei skal gjere når vi stengjer, seier fabrikksjef Svein-Erik Nilsen.

Overgangsordningar

Slakteriarbeidarane får oppfølging og tilbod om overgangsordningar.
Men det kan bli tøffe tider for mange.

– Eg har prøvt å leite etter ny jobb. Men det har ikkje blitt noko enno. Eg har gjerne ikkje alderen med meg, seier Øystein Emblem.

– Over og ut

For slaktaren som er klar for si tredje slakterinedlegging er det over og ut. Han reknar ikkje med å finne seg ny jobb i Nortura-konsernet.

– Eg har flytta etter Nortura så langt det har late seg gjere. Men her stoppar vi, seier Rune Kjelstad.