Hopp til innhold

Her har elgen jaga mann opp i tre

Ein aggressiv elg skaper frykt i populært turområde i Vestnes. Ein mann måtte rømme opp i eit tre då elgen gjekk til angrep. – Mange har blitt stygt kvesta i slike møte, seier elgekspert Erling Johan Solberg.

Elgku skremmer mann i Vestnes

Elgkua i Vestnes, kan vere drektig, men ikkje nødvendigvis, seier seinorforskar Erling J. Solberg i NINA.

Mannen prøvde først å trekke seg unna då han såg elgen låg og sov bak ei tue, men dyret gjekk til angrep. Då vifta han med hendene og brølte så han fekk ei lita luke til å springe alt han kunne, og klatre oppi eit tre. Det som truleg er ei elgku la øyra bakover, rulla med auga, og ville ikkje flytte seg vekk frå treet.

– Eg sat der lenge og venta, men måtte til slutt ringe ein kamerat for å få hjelp til å kome meg ned, seier mannen som ikkje vil stå fram med namn.

Kameraten kom etter tjue minutt. Han hadde med seg hagle, og måtte til slutt fyre av nokre skremmeskot før dei fekk elgen unna.

Elgen er tydeleg aggresiv

TYDELEGE SIGNAL: Elgen på videoen er tydeleg aggressiv og likar situasjonen dårleg, seier seniorforskar Erling Johan Solberg i NINA.

Foto: Privat

Hadde ikkje klart å berge familien

Elgevideoen er delt på ei privat Facebook-side, og i kommentarfeltet er det tydeleg at dyret har skapt frykt i lokalmiljøet. Folk vegrar seg for å gå tur i Øygarden og Åsfjellet på Vestnes.

Mannen som blei jaga opp i treet er veldig glad han ikkje hadde med barna sine på turen.

– Då hadde vi aldri klart å berge alle unna elgen.

Alexander Kenneth Connor

UVANLEG: Aggressive elgar er ei uvanleg problemstilling for Vestnes kommune, sidan det ikkje har vore elg i kommunen før siste åra, seier Alexander Kenneth Connor.

Foto: privat

Vestnes kommune har fått fleire meldingar frå folk som har møtt elgkua, og har no bestemt seg for å kalle ut eit jaktlag for å skyte henne.

– Vi skal kartlegge nøye slik at vi tar riktig dyr. Vi vil berre skyte dersom ho beitar på innmark, seier Alexander Kennet Connor, jordbruk- og miljøansvarleg i Vestnes kommune.

Dette gjer du dersom du møter ein sint elg

Elgar som forvillar seg inn i bustadområde og turterreng med mykje folk, er ikkje heilt uvanleg på denne tida av året. Seniorforskar Erling J. Solberg ved Norsk institutt for naturforsking seier dette ofte skjer mot slutten av vinteren, fordi dei er på jakt etter mat.

– Det er farleg å møte ein elg som går til angrep. I verste fall kan det ende med døden. Mange har blitt stygt kvesta i slike møte, seier han.

Erling Johan Solberg

FORNUFTIG: Seniorforskar Erling J. Solberg meiner det er fornuftig av Vestnes kommune å prøve å skyte den aggressive elgen. - Det er nok den beste løysinga, sjølv om det kan diskuterast om det er greit å skyte elgar når dei kan vere drektige.

Foto: NINA

Dersom du skulle kome ut for ein sint elg, har Solberg desse råda:

– Prøv å trekke deg unna situasjonen. Du må aldri gå nærare. Vis at du ikkje er interessert i ein konfrontasjon. Dersom dyret likevel går til angrep og får sparka deg ned, er det luraste å ligge heilt i ro, i fosterstilling med hendene over hovudet. Ikkje reis deg, då vil elgen berre sparke igjen og igjen til du ligg i ro.

SISTE: Elgen blei felt av jaktlaget i Vestnes torsdag ettermiddag. Vestnes kommune trur det er rett elg som er felt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL