Sindre Eid til AaFK

Tidlegare hovudtrenar, spelarutviklar og noverande marknadsansvarleg i Hødd, Sindre Eid frå Langevåg, blir ny utviklingsleiar i AaFK.

Sindre Eid har vore fotballspelar i både Langevåg og Hødd, og har arbeidd på ulike nivå i Hødd i 25 år.

– Sindre Eid kjenner fotballen på Sunnmøre svært godt. Han har eit stort nettverk og tankar om utvikling som er i tråd med våre, seier sportsleg leiar i AaFK, Bjørn Erik Melland.

Hødd - Brann 3 - 0
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix