Hopp til innhold

Sigrid: – Det er ganske inspirerande å kome heim

Det har gått slag i slag for Sigrid Raabe (20) etter suksessen med «Don't Kill My Vibe». Med ny EP og konsertar om hjørnet er dagar heime i Ålesund etterlengta.

Sigrid Raabe by:Larm 2017

Sigrid imponerte stort under Bylarm tidlegare i år.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Sigrid Raabe

Sigrid sleppte singelen Don't Kill My Vibe i februar. Sidan har det vore hektisk for 20-åringen.

Foto: Pressebilde

Det har blitt hektiske veker og månader for Sigrid etter at singelen «Don't Kill My Vibe» blei sleppt. Mykje har skjedd sidan 20-åringen slo gjennom internasjonalt.

– Det er så mykje å ta innover seg. Det er ei stor ære og eg synest det er frykteleg stas at låtane mine kan bety noko for andre, seier Raabe til NRK.

Vi møter henne på Jugendstilsenteret i Ålesund før ho snart skal ut i den store verda igjen.

Spent på nye reaksjonar

Låten hennar blei kåra til den «hottaste låten i verda av BBC» i februar. I seinare tid har det blitt promotering i Storbritannia og USA.

– Låten har slått godt an synest eg, i alle fall for meg personleg har det gått veldig fint, seier Sigrid.

– Det er viktig å hugse på at dette berre er éi låt og eg anar ikkje kva eg kan vente av det neste eg slepper. Så eg håper folk likar det, smiler 20-åringen.

– Knalltøff bransje

EP-en til Raabe kjem om ikkje altfor lenge, i mai ifølgje plateselskapet hennar. Den unge artisten gler seg stort til å få vise fram nye låtar.

– Alle låtar eg skriv er inspirert av relasjonar eg har, alt eg skriv er veldig personleg. Så det er ganske inspirerande å kome heim, fortel Sigrid.

Ho gler seg òg til å få framført dei nye låtane.

– Eg skal spele på Sommerfesten på Giske, på Bergenfest, Øya, Slottsfjell og mange andre norske festivalar, fortel ho.

– Du er jo veldig ung, kva tenkjer du om framtida?

– Eg får berre ta det slik det kjem. Det er ein knalltøff bransje og det er mykje konkurranse. Eg håper eg får drive med dette lenge. Det er dette eg vil, det er dette eg verkeleg elskar å gjere. Det er vel det einaste eg kan seie med handa på hjartet at eg ikkje klarer meg utan, seier Sigrid.

Sigrid Raabe er 20-åringen - som med superhiten Don't Kill My Vibe - har blitt høyrt av 15 millionar på Spotify. Artisten er akkurat no heime i Ålesund. Snart kjem det fire nye låtar, og til sommaren blir det intens turnéverksemd.

Sigrid Raabe er i Ålesund på korttidsvisitt etter suksessen med Don't Kill My Vibe.