NRK Meny
Normal

Møre-biskopen håpar vedtaket fører til ro

Kyrkjemøtet opnar for giftarmål mellom likekjønna, ved å vedta ein ny vigselsliturgi. – Ein historisk dag, seier Olav Myklebust i Open folkekyrkje

Ingeborg Midttømme

Ingeborg Midttømme er biskop i Møre bispedøme.

Foto: Frode Berg / NRK

Spørsmålet om likekjønna par skal kunne gifte seg i kyrkja har vore diskutert i årevis. Under Kyrkjemøtet i 2014 sa eit fleirtal av delegatene nei til både vigsel og forbønn av homofile par.

Sidan den gang har landets biskopar sagt ja, men dei har møtt motstand både hos enkelte prestar og delar av «grasrota».

Etter 20 års diskusjon og strid, sa kyrkjas øvste organ i dag ja til at homofile kan gifte seg i kyrkja.

Av 115 delegatar gjekk 88 stemmer inn for likekjønna ekteskap. 32 stemte for mindretalets forslag som gjekk imot. Møre-biskop Ingeborg Midttømme håpar vedtaket fører til ro.

– Målet vårt er at det skal gjere det. Det er eit vedtak som setter ord på at dette er noko vi har jobba med i mange år utan at vi har lukkast med å bli samde. Samtidig tek det på alvor den usemja som er, og seier at det skal vere rom for to syn og to praksisar, både når det gjeld liturgi, undervisning og forkynning, seier ho.

– Ein historisk dag

Likekjønna ekteskap engasjerte så mange at Open folkekyrkje stilte liste ved haustens kyrkjeval. Dei hadde ei sak dei ville kjempe inn på årets Kyrkjemøte, nemleg ein ny vigselsliturgi som opnar opp for at likekjønna par kan gifte seg i kyrkja.

Olav Myklebust i Open folkekyrkje var ein av dei som stemte for vedtaket i dag.

– Dette er historisk for oss som har kjempa for dette. Eg er fornøgd med utfallet og at så mange stilte seg bak dette forslaget, seier han.

Kyrkjemøtet opnar no opp for giftarmål mellom likekjønna, ved å vedta ein ny vigselsliturgi. Samtidig kan dei prestane som ønskjer det reservere seg mot å vie to av same kjønn.

– Det var nesten ei føresetnad for oss at vi fekk til ei ordning med reservasjonsrett. Vi har stor respekt for dei som har eit anna syn i denne saka, seier Myklebust.

– Vi har prøvd å finne eit kompromiss som alle kan leve med, og vi håpar at alle no føler at dei er varetatt i denne saka, held han fram.

Har vore imot ei slik ordning

Midttømme har tidlegare vore tydeleg på sitt syn i saka, og sagt at ho ikkje ønskjer ei slik ordning. Ho trur likevel ikkje at det blir eit problem å handheve eit slikt vedtak.

Ingeborg Midttømme

Midttømme har tidlegare vore imot likkjønna ekteskap.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Som biskop er eg ansvarleg for det som er vår kyrkjes lære, og det er det dette vedtaket fangar opp. Eg meiner at den bibelske forståinga av ekteskap er at det er mellom ein mann og ei kvinne. Samtidig tek eg til etterretning at kollegaer har kome fram til noko anna, seier ho.

Biskopen synest ordninga med reservasjonsrett for dei prestane som ikkje ønskjer å vie likekjønna par er ei god løysing

– Eg trur det vil fungere bra. Dette vil vere eit leiaransvar der prostane må planlegge prestetenesta ut ifrå dei vigslane som skal vere, seier Midttømme.