Hopp til innhold

Severin er endeleg tilbake

Jelena og Severin inviterer til sommarfest med ferske råvarer henta frå naturen.

Sesongpremiere.
Severin og Jelena har invitert vener til sommarfest på Røneset. Planen er å kose seg med maten dei greier å fiske, eller dykke etter sjølv. Og Jelena trener til hjortejakta som ho skal vere med på for første gong. Severin har budd i over ti år på eit veglaust nes, og kombinerer einebuarliv med jobb på fiskeoppdrettsanlegg, og kjæraste i Ålesund. Sesong 3 (1:6)

Sjå første episode av sesong 3 her.

Torsdag 24. mars klokka 20.25 startar den tredje sesongen av «Severin» på NRK1. Serien har samla tusenvis av sjåarar framfør tv-skjermen i to sesongar, og no er endeleg den tredje sesongen klar.

Der får sjåarane også bli enno betre kjent med kjærasten til Severin, Jelena Aurora Mensah, som dei til no berre har fått ein smakebit av i dei tidlegare sesongane.

I sesongens første episode har Severin og Jelena har invitert vener til sommarfest på Røneset. Planen er å kose seg med maten dei greier å fiske, eller dykke etter sjølv. Og Jelena trenar til hjortejakta som ho skal vere med på for første gong.

Severin har budd på det veglause garden ved Storfjorden i Sykkylven i over ti år, og kombinerer livet på Røneset med jobb på fiskeoppdrettsanlegg og kjæraste i Ålesund.

Episoden kan du sjå her:

Sesongpremiere.
Severin og Jelena har invitert vener til sommarfest på Røneset. Planen er å kose seg med maten dei greier å fiske, eller dykke etter sjølv. Og Jelena trener til hjortejakta som ho skal vere med på for første gong. Severin har budd i over ti år på eit veglaust nes, og kombinerer einebuarliv med jobb på fiskeoppdrettsanlegg, og kjæraste i Ålesund. Sesong 3 (1:6)

Her er nokre av våre favorittar frå tidlegare sesongar:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL