Hopp til innhold

– Eg var skeptisk til å vere med

I kveld er det sesongpremiere på serien «Nattpatruljen» på tv-kanalen Max. Der får sjåarane vere med politipatruljar frå Ålesund på jobb.

Karl Jonas Volen

Karls Jonas Volen er ein av politifolka som er med i tv-serien «Nattpatruljen».

Foto: Terje Reite / NRK

Karl Jonas Volen frå Sunmøre politidistrikt er ein av dei som er med i den fjerde sesongen av dokumentarserien, som handlar om politiets kvardag. Han har hatt med seg ein kameramann ut på nattevakt, som filma store og små hendingar.

– Publikum får vere med på alt som skjer i løpet av ei vakt. Vanlegvis ser ein jo berre store hendingar i media, men her får sjåaren innblikk i alle dei små sakene, seier Volen.

Han var i tvil om han i det heile teke skulle stille opp i serien og var skeptisk, men har berre positive opplevingar. Volen har sett opptaka på førehand og grur seg ikkje til å bli tv-kjendis.

– Eg trur det er viktig at folk får sjå kva politiet held på med. Minst like viktig er det at ein får sjå kva problem folk slit med, seier Volen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL