Hopp til innhold

Ser framover i august

Nordic Light skal bestemme vegen vidare i August, før helga vart det klart at Charles Williamsen seier opp stillinga som festivalsjef.

Lars Liabø og Charles Williamsen

Styreleiar i Nordic Light Lars Liabø saman med tidlegare festivalsjef for Nordic Light, Charles Williamsen.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi starta med eit arbeid i juni for å fornye festivalen. Det skulle vi halde fram med i august, men så bestemte Charles Williamsen seg for at han ville halde på med noko anna og sa opp stillinga si. Det gjer at vi no må ta ein fot i bakken, fortel styreleiar i Nordic Light Lars Liabø.

Charles Williamsen tok over som festivalsjef etter Anne Lise Flavik i februar 2014, men før helga vart det klart at han no seier opp stillinga si. Liabø seier at vegen vidare blir bestemt i august og fortel at han er glad for at sponsorane har kome med positive signal.

– Ja, dei signala har vi fått, og det er klart at det er svært verdifullt for oss. No tar vi ein fot i bakken i august, men det er ikkje tvil om at vi må fornye oss

Balanse

Nordic light vart arrangert første gongen i 2006, og årets utgåve av festivalen var nummer ti i rekka. Liabø fortel at kulturleiarjobben er krevjande, då det er fleire omsyn som må vurderast mot kvarandre.

– Du har ein balanse mellom, du har heile tida eit krav om å levere kunstnerisk og det kostar. Det kostar for eksempel for oss å hente ein kjent fotograf frå USA til Kristiansund. Det er ein kamp heile tida å avbalansere økonomi mot det kunstneriske opplegget.

Heile året

Nordic Light kjem til å satse på meir heilårsdrift i huset sitt framover. Liabø fortel at dei har eit godt grunnlag å bygge vidare på.

– Det vi har oppnådd både kunstnerisk og av publikumstilstrøyming har vore slik vi forventa det og kanskje litt meir.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL