Hopp til innhold

– Sjå også etter det du ikkje likar

I dag opna den internasjonale fotofestivalen Nordic Light i Kristiansund. Festivalen har vore arrangert sidan 2006.

Morten Krogvold - Nordic Light 2

Morten Krogvold i spissen for paraden som gjekk av stabelen onsdag 3. mai med start klokka 17.00

Foto: Roar Halten / NRK

Nordic Light starta med parademarsj onsdag med båttur til Grip onsdag formiddag og parade gjennom Kristiansund på ettermiddagen. I spissen for paraden gjekk som vanleg fotograf og kunstnarisk leiar Morten Krogvold.

– Må ikkje bli middelmådig

Krogvold er oppteken av at folk ikkje skal søke etter det dei vekt frå før at dei likar. Det kan ofte vere like spennande å oppsøkje utstillingar som provoserer eller noko som ein på førehand kanskje ikkje trur ein har særleg sans for.

– Vi har svært varierte utstillingar. Og dersom ein berre er ute etter å få stadfesta det ein trur ein likar, då blir ein ståande på staden kvil resten av livet. Veldig ofte kan det ein IKKJE likar setje i gang noko. Og likar ein ikkje éi utstilling kan ein få mykje igjen frå ei anna. Og om alt er like «all right» så blir det middelmådig, seier festivalgeneral Morten Krogvold.

Nordic Light International Festival of Photography

Her er alle deltakarane på festivalen samla.

Foto: Roar Halten / NRK

Fotograferer eigen anoreksi

Ein av fotokunstnarane som truleg vil vekkje ein del debatt er Lene Marie Fossen. Ho fotograferer mellom anna sin eigen anoreksi. Etter 20 år med anoreksi brukar ho fotograferinga som ein veg ut av sjukdomen, heiter det i omtalen av utstillinga hennar.

– Dette er voldsomme ting. Vi er budde på at denne utstillinga kjem til å skape debatt, kritikk og undring. Dette er eksepsjonelle bilete, og vi ville aldri ha brukt ein fotograf som fotograferer ein så alvorleg sjukdom om det ikkje var heilt eksepsjonelt. Og ho er vanvittig begava, seier Krogvold.

Klippfiskjenter

Festivalen varer i fire dagar. Der er det utstillingar og foredrag frå morgon til kveld til og med søndag.

– Det blir mykje morosamt å sjå, seier festivalleiar Ingunn Strand og rosar utstillinga til den lokale fotografen Odd Inge Teige. Han døyper klippfiskkjerringane om til klippfiskjentene, og har fotografert dagens unge jenter slik jentene som arbeidde med klippfisken var kledde.

Kom inn i finvêret

Festivalen Nordic Light blir arrangert midt i noko av dei vakraste vårdagane som har vore i området på lang tid. Morten Krogvold vonar at folk klarer å rive seg laus frå hagearbeid, båtpuss og hyttekos for å kome inn på utstillingane.

– Og eg har eit inntrykk av at alle konfirmerer seg heile tida. Men dette er ein utmerka måte å gå på byen på. Ta gjerne eit glas vin eller ein kopp kaffi og kom inn og sjå ei utstilling og høyr eit foredrag. Så kan ein gå ut og bruke byen når han er på sitt beste, seier Krogvold.