Hopp til innhold

Ser alltid lyst på livet

– Ei tung satsing på reiseliv framover vil vere ei rett satsing for Noreg og for vår region, meiner reiselivsdirektør Roar Harsvik i Visit Nordmøre og Romsdal.

Søndagssol på Ona fyr

Ona er eit reisemål for både norske og utanlandske turistar.

Foto: Bjarne Midttømme

Medan mange næringar snakkar om tunge tider, vel reiselivsdirektøren å fokusere annleis.

Atlanterhavsvegen

Atlanterhavsvegen har blitt eit begrep i reiselivssamanheng.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Vi ser på det potensialet som er i vår næring. Dette er ei bærekraftig næring som ein berre kan bygge på i uante tider.

Yrkestrafikken blir ramma

Men Harsvik vedgår at yrkestrafikken, som kurs og konferansar, til dels blir ramma av nedgang i andre næringar. Til dømes blir hotella ramma, og utreiselysta kan bli mindre. Samtidig betyr det at fleire nordmenn ferierer her heime, og med låg kronekurs får utlendingane meir igjen for pengane.

Dette gjenspeglar seg også i sesongen som no ligg bak oss. Nedgang i yrkestrafikken, men auke i ferie- og fritidstrafikken.

Meir å hente

Romsdalseggen kan bli eit av dei nye store turistmåla i Noreg.

Storstilt natur fristar mange turistar.

Foto: Arnt Flatmo/www.westcoastpeaks.com

– Vi har ei råvare i naturen som vi på langt nær har henta effekten ut av, peiker Harsvik på.

Neste sesong kan bli ein god sesong der mange kjem og legg igjen pengar. Men også på lengre sikt har Harsvik tru på det han kallar ei soloppgangsnæring. Ei ny stortingsmelding om reiseliv er på trappene, og den kjem til å gi føringar for dei neste ti åra for korleis Noreg skal bygge opp ei sterk reiselivsnæring.

Samarbeid gjer sterk

Sjølv om enkelte næringar slit, er det lærdom å hente derifrå likevel, meiner reiselivsdirektøren. Ei reiselivsklynge, etter modell av til dømes den maritime klynga, kan gjere Nordmøre og Romsdal til meir attraktiv å besøke.

Roar Harsvik

Samarbeid er stikkordet frå reiselivsdirektør Roar Harsvik.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Han oppmodar reiselivsbedriftene til saman å tenke nytt og saman tenke eitt reisemål. Harsvik ønskjer seg eit samarbeid om å finne nye produkt, korleis nå nye marknader, og nye måtar å ta vare på kundane på.

– Dette vil gjere reiselivsregionen meir attraktiv å besøke og gi høgare omsetning.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL