Hopp til innhold

I denne kommunen vil dei ikkje ha politi

Regjeringa vil gjenopne 20 nye politistasjonar for å vere nærare folk. – Krim og narkotika har ikkje eksplodert etter kontoret blei nedlagt, svarar ordførar.

Amanda Johnsen Otnes 12 år på Gossen i Aukra

AMANDA: 12-åringen trur ikkje det er mykje krim i kommunen, sjølv om politiet har dratt.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Me er jo litt som Kardemomme by. Berre utan esel, seier Amanda Johnsen Otnes (12).

Heimstaden hennar manglar også ein politimeister Bastian. Politikontoret blei lagt ned under «nærpolitireforma» i 2018.

Og lensmannen har blitt ordførar.

Han vil absolutt ikkje ha sin gamle arbeidsstad tilbake på øya.

Ordførar og eks-lensmann Odd Jørgen Nilssen, Aukra

POLITIKONTORET TIL LEIGE: Odd Jørgen Nilssen framfor sin gamle arbeidsplass.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Mindre oversikt over småtjuveri

Når regjeringa no vil opne opp att 20 politistasjonar, vil dei ha innspel om kvar desse bør vere. Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) spør i eit brev til alle kommunane i landet om dei ønsker å opne opp att politistasjonen.

Svaret frå Aukra i Romsdal er tydeleg nei.

– Me hadde betre oversikt over småtjuveri og promillekøyring før. Men eit lite kontor klarar ikkje handtere datakrim, økokrim og nettovergrep, seier Høgre-ordførar og eks-lensmann Odd Jørgen Nilssen.

Falkhytta på Gossen, Aukra

FALKHYTTA: Det sjarmerande namnet på sentrum av Aukra.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Han meiner ein bør bruke kontorpengane på betjentar som jobbar tett på ungdom og potensielt kriminelle.

– Krim og narkotika har ikkje eksplodert her etter kontoret blei nedlagt, seier Nilssen, med 40 år bak seg i politiet.

– Tette polititomme rom

Jenny Klinge i Senterpartiet har tre periodar bak seg i justiskomiteen på Stortinget, og meiner ein treng fleire politistasjonar i Noreg.

I langstrekte Noreg er det openbert at politiet må vere spreidd rundt i landet, og ha tett kontakt med innbyggjarane, seier ho.

Emilie Enger Mehl og Jenny Klinge.

SP-TOPPAR: Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl og medlem i næringskomiteen på Stortinget, Jenny Klinge.

Foto: Privat

– Ordføraren i Aukra meiner ein må prioritere?

– Det er fullt mogleg å spesialisere einingar og samtidig ha nærpoliti. I Aukra kan det kanskje vere fornuftig å ikkje ha politikontor, men andre stader må ein gjenopne. Ein må tette dei polititomme romma som har oppstått, meiner Klinge.

– Berre litt råkøyring

– Eg kan ikkje hugse når politistasjonen var open ein gong, seier Andrea (22).

Andrea 22 på Gossen

ANDREA: 22-åringen saknar ikkje politikontoret.

Dei fleste i Aukra bur på ei øy utan veg til fastlandet. Den siste ferja går før midnatt. Så utan politistasjon vil politiet bruke langt meir enn dei 45 minutta som er kravet til responstid. Det ser ikkje ut til å plage folk.

– Det er veldig stille og lite kriminalitet her. Bortsett frå at ein del unge driv med drifting og råkøyring med bilen, seier Homam (31).

Homam 31 på Gossen, Aukra

HOMAM: – Roleg, trass råkøyring, seier 31-åringen

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Også gamal-ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) trur tida har sprunge ifrå politikontoret.

Alle er likevel einige om to ting. Det er bra at politiet tar ferja over frå Molde og viser seg i blant – og dei vil ha fleire trafikkontrollar.

Fyllekøyring

Aukra-ordførar Odd Jørgen Nilssen meiner òg det er viktig å behalde UP, for å sikre nok trafikkontrollar.

– Politiet blir aldri nok synlege. Så publikum må fortsette å ringe inn mistankar, oppmodar han.

– Men kva tenker du om at opp mot 8 av 10 politifolk har vore kritiske til Solberg-regjeringas nærpolitireform?

– Klart det frustrerer ein politimann i Molde å lese at det har skjedd noko kriminelt i Aukra i helga. Men det må ein berre finne seg i. Dei to–tre patruljebilane rekk ikkje over alt. Bilar i grøfta og fyllekøyring er slikt som kan gleppe, ifølge Nilssen.

Ordførar og eks-lensmann Odd Jørgen Nilssen i Aukra kommune

REKK IKKJE ALT: Ordføraren ser at det er nokre ting ein ikkje får fanga opp utan ein lokal politistasjon, men meiner det er rett i det store bildet.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK