Hopp til innhold

Sendt til sjukehus etter vald

Politiet i Ålesund måtte seint torsdag kveld rykke ut på ei valdsepisode i sentrum av byen. Der skal ein mann ha utøvd vald mot ein annan mann. Han blei arrestert på staden, medan den andre blei frakta til sjukehus med ambulanse. – Vi har ikkje alle detaljane enno, men han er påført sår på forskjellige plassar og blødde. Det kan ha vore brukt ein gjenstand, og skadane han har kan kome frå eit stikkvåpen, men vi veit ikkje. Det vil etterforskinga avsløre, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet. Ifølgje Ferstad skal mannen ikkje ha fått alvorlege skader. Saka blir etterforska og politiet vil gjennomføre avhøyr av dei to involverte i dag. Dei kjenner så langt ikkje til bakgrunnen for valden. Det var vitne til hendinga, og også desse blir avhøyrt. Torsdag kveld gjorde politiet undersøkingar på staden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL